Til sitt arbeid med biografien om kunstmålar Hans Dahl (1849-1937) treng Frode Skag Storheim hjelp frå publikum til å finne meir kjeldemateriale etter han. (Foto: Åse Solvi)

På jakt etter kjeldemateriale om kunstmålaren Hans Dahl

– Det finst veldig lite biografisk materiale om denne kunstnaren i offentlege arkiver, og difor ønskjer eg å kome i kontakt med folk som kan noko av dette i privat eige, seier Frode Skag Storheim.


33- åringen frå Bergen, som er utdanna pianist og jobbar som lærarar ved musikklinja på Voss gymnas, er i gong med å skrive ein biografi om Hans Dahl. Eit prosjekt der han førebels har funne noko biografisk materiale til, men treng hjelp frå publikum for å forsøke å nøste opp i meir kjeldemateriale om kunstnaren, som truleg er spreidd rundt på ulike plassar.

– Eg vart kontakta av ein mann i Sarpsborg som fortalte at han hadde nokre skisser, medan ei dame frå Sandnes hadde anna materiale etter Dahl. Måleria er sjølvsagt viktige å finne,  men eg håpar også å finne meir skrifteleg materiale som til dømes brev og dagbøker. Dersom ein har eller veit om nokon som har slikt i privat eige, ønskjer eg veldig gjerne at dei tek kontakt, seier Frode Skag Storheim til Ytre Sogn.

God respons
Storheim legg til at han ikkje forstår kvifor det finst så lite informasjon om Hans Dahl som vart 88 år gamal og var ein svært populær kunstnar. 

– Villaen i Balestrand etter han vart selt i 1958, der alt innbu med mellom anna skisser og dagbøker som vi veit har eksistert, vart auksjonert bort. Responsen etter at eg byrja å nøste opp i dette har vore veldig god, seier han og nemner mellom anna god hjelp frå både Fylkesarkivet, Nasjonalbiblioteket, samt Statsbiblioteket i Berlin, der han har funnet nokre få ting. 

– Eg er sjølv svært glad i nasjonalromantikk, både når det gjeld kunst, musikk og arkitektur, og har møtt stor velvilje og entusiasme hos kunsthistorikarar at kunstmålar Hans Dahl no skal løftast fram, seier han.

Ven av keisar Wilhelm II
Kunstmålaren Hans Dahl (1849-1937), som var kjend for sine måleri av vestlandsnatur, vart  fødd i Granvin i Hardanger og vaks opp i Bergen. Kunstnaren, som og var ein nær ven av keisar Wilhelm II, budde mellom anna i Berlin og Balestrand, der han i 1893 bygde villa i drakestil som fekk namnet «Villa Strandheim». 

Hva tenker du
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.