Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn opprettheld vedtaket sitt om avliving av dei forvilla geitene på Kvist. No skal Mattilsynet si klagesakseining gjere ei ny sjølvstendig vurdering av saka, og deira vedtak bli bli det endelege. (Foto: Geir Ove Elveseter)

Opprettheld vedtak om avliving av geitene på Kvist

Mattilsynet si avdeling Sunnfjord og Sogn opprettheld avviklingsvedtaket for geitene på Kvist etter at fleire dyrevernorganisasjonar klaga på vedtaket.


Siste ord i saka er likevel enno ikkje sagt då saka no skal handsamast av Mattilsynet sin klagesakeining. Vedtaket om avvikling av dyrehaldet omhandlande dei forvilla geitene på kvist vart fatta 1. juli 2022. Då saka vart kjent gjennom Sogn Avis i mars vekte den eit stort engasjement, og fleire dyrevernorganisasjonar sendte inn klage på vedtaket. Ifølgje forvaltingslova skal klagar på slike vedtak sendast Mattilsynet innan tre veker frå vedtaket vart kjent, men Mattilsynet valde å likevel handsame klagane frå desse organisasjonane sjølv om fristen for lengst hadde blitt tilgjengeleg for offentlegheita. 

Tre klagar
Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn fekk inn tre klagar som hadde såpass like klagepunkt at dei vart handsama under eitt. Det er organisasjonane Dyrebeskyttelsen Norge Sogn og Fjordane, Dyrenes Rett og Noah som har klaga. Eit innspel frå Vestland fylkeskommune har også blitt teken med i handsaminga. Eigaren av geitene er altså ikkje ein av partane som har klaga på vedtaket om avliving av flokken på 50-60 dyr, men har sjølv utarbeida ein plan for avliving. 

I Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn sin 12 siders gjennomgang av klagane går tilsynet igjennom dei ulike punkta frå klagarane, og dei er tydelege på at innvendingane mot vedtaket er basert på kriterium og laust skisserte tiltak som tilsynet ikkje kan basere seg på.

– Å basere tilsyn med dyr på tilfeldig observasjonar fra publikum og eventuelt politi vil berre avdekke alvorlege lidingar hos dyr som blir liggande langs vegen som går igjennom eit lite område av beitet til geitene. Det er ikkje eit tilsyn som vil kunne førebygge liding hos dyra i geiteflokken. Det er naturlig at dyr som er sjuke eller skada ikkje klarer å følge flokken, men trekker seg vekk og held seg i skjul. Når vi berre ser dei friske geitene som går fritt i naturen er det eit flott syn som vi ser i samanheng med god dyrevelferd. Det er lett å generalisere og tru at dette gjeld alle dyra i flokken. Med grunnlag i tidlegare rapportar om talet på dyr og nyare observasjonar av flokken, veit vi at talet på dyr er kraftig redusert. Dyr har forsvunne ut av populasjonen utan at eigar veit kva som har skjedd med desse, om dei har blitt utsett for sjukdom eller skadar som gjer at dei har bukka under. Det er mange moglege årsakar til reduksjonen i talet på dyr i geiteflokken på Kvist, men uansett årsakene er den kraftige reduksjonen i talet på dyr eit teikn på ein ubalanse mellom miljøet og geiteflokken.

Mattilsynet er også negative til løysingsforslag som har kome som alternativ til avliving, og meiner desse er for vage. 

– Mattilsynet kan ikkje forhalde seg til potesielle drivarar av dyrehaldet. Det ligg ikkje føre nokon konkrete forslag om kven dette kan vere. Moglege drivarar omtalast som ”nokon i nærområdet”, ”ein”, ”interessegrupper”, ”lokalbefolkninga” eller ”fleire partar”.

No skal klagesakeininga til Mattilsynet gjere ei ny sjølvstendig vurdering av saka som vil bli endeleg. Sidan saka skal handsamast på nytt kan ikkje Masttilsynet uttale seg inntil klagesakseininga har ferdighandsama saka.