Den 2391 meter lange tunnelen vart opna i 1989, torsdag vart kontrakten mellom entreprenøren og Statens vegvesen elektronisk signert.
I tunnelen er det ein gjennomsnittleg stigning på åtte prosent, og det skal med anna byggast ei ny havarinisje på nordsida av tunnelen ved Kringla.
Det skal og settast opp eit nytt teknisk bygg, samt at det inne i tunnelen skal gjerast rom for eit teknisk bygg. På sørsida ved Hopeelva bru skal det etablerast ei snulomme.
Som del av kontrakten skal og Skrikebergtunnelen i Masfjorden oppgraderast.
Arbeidet startar i 2022 og skal vare fram til ut november 2023. Kontraktsummen er på omlag 210 millionar kroner.
Jernfjelltunnelen er ein av to tunnelar på E39 som skal oppgraderast for tilsaman 210 millionar kroner. Foto: Google Street View
Oppgraderer tunnel på E39 i Gulen
Jernfjelltunnelen på E39 skal oppgraderast av AS Birkeland entreprenørforretning.