Dagsturhytta på Søreide – som blir opna no på søndag – har bilveg opp til seg, noko som gjer til at fleire kan nytte seg av den. I området rundt hytta er det gode turmoglegheiter. (Begge foto: Privat)

Opnar dagsturhytte realisert på rekordfart

Under eitt år frå idéen vart lansert står no dagsturhytta på Søreide klar til opning.


– Vedtaket om å sjå på moglegheitene for å få på plass ei dagsturhytte vart gjort av grunneigarlaget i slutten av november i fjor, så her har det gått fort frå idé til ferdig realisert hytte. Vi trur og meiner at dette er den dagsturhytta som har blitt realisert på kortast tid, så får heller nokon komme og korrigere oss om det er feil.

Det seier grunneigar og uoffisiell prosjektleiar for dagsturhytta på Søreide, Terje Søreide. Han fortel om mykje velvilje og ein smidig prosess.

– Vi er stolte og audmjuke over at lokalt næringsliv har stilt opp og vore med og finansiert hytta i ei krevjande tid med rekordhøge straumprisar, særleg for oss her i prissone 5. Vi hadde og ein spleis der målet var å samle inn 50 000 kroner, men kor vi fekk inn heile 52 000 kroner, så  her har både bedrifter, kommunen og privatpersonar i aller høgste grad bidratt. Det har og blitt lagt ned ein massiv dugnadsinnsats, så her er det mange som fortener heider og ære.

Det er ei flott utsikt frå dagsturhytta på Søreide. Ein kan til og med skimte kvar noko av finansieringa bak hytta kjem frå.

Og det er ikkje berre kapitalen bak dagsturhytta som er kortreist. Det same er han som skal stå for opninga. 

– Vi har fått varaordførar Geir Helge Østerbø til å opne hytta. Vi lurte ei stund på om vi skulle få inn nokon lengre vekke frå, men dette har vore eit lokalt prosjekt i alle ledd, så då fant vi ut at det passa godt med ein lokal opnar og.

Dei som tek turen til Åsenutsikta på Søreide søndag kan vente seg å få servert litt varm mat og drikke, samt eit musikalsk innslag og ymse talar, også frå lokale krefter.

– Dette skal bli ein kjekk dag, og vi håpar at mange tek turen til hytta både no på søndag, men også i tida framover. Den er sett opp for å bli brukt!