Nyttårstur til Hovlandsnova

Skrevet av
01.01.2021 00:00 - OPPDATERT 01.01.2021 02:00

Mange heiv seg med då Vadheim IL arrangerte tur til fjells nyttårsaftan.

Åtte personar - og tre hundar - var med den lengste turen, med start øvst i Kråkevika i Vadheim. Saman gjekk dei til Hovlandsnova, 729 moh - med storslått utsikt over Vadheim og Vadheimsfjorden.


Deretter gjekk turen vidare til Fossen, 380 moh, og der var endå fleire med. 22 personar - og seks hundar- var møtt opp på dagens andre utsiktspunkt over bygda. På veg ned til Vadheim att vart det - tradisjonen tru - tend fakler som lyste opp resten av nyttårskvelden.

(Alle foto: Eva Sandvik)