Få om nokon planar er viktigare i ein kommune enn kommuneplanen. Den legg langsiktige føringar for kommunen si verksemd, og for rolla kommunen skal spele i samfunnsutviklinga.
No skal samfunnsdelen i kommuneplanen til Høyanger – som går fram til 2032 – reviderast, og i den samanhengen ønsker kommunen å høyre frå innbyggjarane sjølve. Derfor lanserte kommunen fredag ei innbyggjarundersøking der dei som bur i Høyanger kan gi sine vurderingar på kommunale tenester og kva som er viktig for dei i eigen heimkommune. Undersøkinga vil vere open fram til 8. mai, og planleggar Kine Larsen Lægreid og kommunedirektør Ørjan Haram håpar at folk hiv seg rundt og svarar på undersøkinga før fristen går ut.
– Dette er første gongen vi prøver ut ei digital innbyggjarundersøking, og vi har også sendt ut ein SMS til innbyggjarane der vi informerer om undersøkinga. Det tar om lag ti minutt å svare, så ein treng ikkje sette av mykje tid til å gjennomføre den, men svara vil vere til stor hjelp for oss i det vidare arbeidet.
Alle blir høyrt
Resultata frå undersøkinga vil bli presentert til lokalpolitikarane i Høyanger og nytta som bakgrunnsmateriale i ein workshop med dei knytt til revideringa av kommuneplanen. Kva folket måtte meine om kommunen sin og tilboda i den vil vere førande for arbeidet med planen, og retninga vidare for Høyanger.
– Som kommune ønsker vi å få innspel frå innbyggjarane, og dette heng også saman med kommune 3.0 konseptet med samskaping og kommunen som ein moggleggjerar som sentrale poeng.
Spørsmåla i undersøkinga som no blir gjennomført er tett knytt til strukturen som er i kommuneplanen sin samfunnsdel, og Høyanger kommune har også latt seg inspirere av andre kommunar som har gjennomført tilsvarande undersøkingar.
– Vi starta ikkje med blanke ark her, men har sett på andre sine tilsvarande undersøkingar. Det er eit fag å lage gode spørjeundersøkingar, og om ein ikkje er påpasseleg med formuleringane kan ein hamne i ein «som ein roper i skogen, får ein svar»-situasjon.
Det er mange måtar ein som kommune kan få innspel frå innbyggjarane på, og tidlegare har gjerne folkemøte blitt nytta til det same føremålet. Det kan bli folkemøte også no i samband med revisjonen, men kommunen startar så breitt som mogleg.
– I ei spørjeundersøking får alle høve til å svare, og alle stemmer blir høyrde. På folkemøte er det ein tendens til at dei som ropar høgst får mest taletid og merksemd, noko som kan gi eit skeivt bilde på kva folk flest eigentleg meiner.