Laurdag tok Sedrik Ullebø frå Høyanger nok ein siger i NorgesCup, i landeveg i Stjørdal.
Det var hans andre Norges Cup-siger på like mange forsøk. I klassen hans, M Junior, vart det køyrt hardt i bakkane og det vart ei stor spreiing på feltet. Rittet var prega av mange mindre utbrot og hard køyring, skriv Norges Cykleforbund i ei pressemelding. Det var berre 31 ryttarar som fekk fullføre i dei harde løypene i Stjørdal luardag. I spurten vart det eit jamnt oppgjer mellom Sedrik Engebø Ullebø og Ludvig Aspelund Holstad, der førstnemnde altså trakk det lengste strået. Dermed vart det Ullebø sin andre siger i årets NorgesCup. Erik Ysland tok imidlertid over leiinga i cupen. – Det gjekk litt tungt i dei siste bakkane, men eg klarte å spurte frå han som spurta ved sidan av meg i finalen, seier Ullebø i ein kommentar. Resultat M Junior: 1. Sedrik Engebø Ullebø (Sogn CK)2.Ludvig Aspelund Holstad (Lillehammer CK)
3.Tore Andre Aase Vabø (Ringerike SK)