<1>Her er ein av plassane på riksveg 13 mellom Hella ferjekai og Leikanger som får ny asfalt. (Foto: Statens vegvesen)

Ny asfalt på rv 13 mellom Hella og Leikanger

I neste veke blir riksveg 13 frå Hella ferjekai til Leikanger asfaltert og frest.


– Det er møtelommer og delar av vegen det skal arbeidast på, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Jobben på den 13 kilometer lange vegstrekninga vil bli gjort over fem dagar, frå og med 15. til og med 19. november.

Arbeidstidene og trafikkflyten blir likeeins kvar dag:
* Frå klokka 0700 til 0900 blir det ventetid på inntil 15 minutt.
* Frå 0900 til1500 kan vegen bli stengd inntil ein time om gongen.
* Frå 1500 til 1700: Ventetid inntil 15 minutt.
* Og frå1700 til 2100: Vegstenging inntil ein time

Det blir teke omsyn til rutegåande trafikk. Utrykkingskøyretøy får passere.

– Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid med slike stengingar kan vere krevjande for trafikantane, understrekar Engebø.

– Men då er det samtidig viktig å minne om at vi gjer dette nettopp for dei, for at trafikktryggleiken og framkomelegheita skal kunne varetakast også i framtida, legg han til.

Dei reisande blir elles oppmoda om å sjekka 175.no før dei skal ut og køyre. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle norske vegar.

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.