NRK Sogn og Fjordane, vi treng deg framleis!


I førre veke la NRK fram planane sine om å gjere radikale endringar i distriktssendingane i Vestland. Ei felles ettermiddagssending for heile storfylket er den store draumane til distriktsredaktøren. Også lokale høgrepolitikarar heiar fram dette påfunnet. Dei prøva iherdig å kvele siste del av Sogn og Fjordane, eg håpa berre identiteten til fylket vårt nok ein gong kan vise seg å vere seigliva. 

Eg er ein 25 åring som etter alderen å rekne er ein over snittet ivrig lyttar til NRK Sogn og Fjordane sine sendingar. Lokale nyheitene og hendingar tykkjer eg det er viktig å følgje med og halde seg oppdatert på. Å få tre timar både morgon og ettermiddag med sendingar frå vårt eige distrikt er difor viktig for oss. Og enda kor ueinige dei lokale høgrepolitikarane måtte vere, så meina eg framleis at vårt distrikt er Sogn og Fjordane. Eg skal ikkje ta opp igjen debatten om fylkessamanslåinga nett no, men det som skjedde 1. januar 2020 var ein stor feil - lat der ikkje vere noko tvil om det. Og vi skjønte alle at det ville få konsekvensar for oss innbyggjarane i Sogn og Fjordane. NRK valde som vi veit å smi når jernet var varmt. Først fjerna dei NRK Sogn og Fjordane si nettside med alle dei lokale sakene og erstatta denne med ei felles side for heile Vestland. Og no står truleg ettermiddagssendingane for tur.

I Vestland er vi over 630 000 innbyggjarar. 110 000 av oss bur i Sogn og Fjordane. Ei felles ettermiddagssending for heile fylke kjem utan tvil til å gje oss eit dårlegare medietilbod. For vi er faktisk berre 1/6 av innbyggjarane som bur her i Sogn og Fjordane. Då kjem våre lokale saker i andre rekke. For det er vell ingen som trur at hordalendingane vil gje slepp på store dela av sitt medietilbod, for å tilfredsstille den vetle prosentandelen av befolkninga som held til nord for den gamle fylkesgrensa? 

Eit av dei mange problema med Vestland er størrelsen. Fylket er rett og slett for stort til å vere eit lokalt distrikt. Kva som skjer i Luster og Måløy kan vere både nyttig og interessant å høyre om. Men at straumen er vekke frå eit byggjefelt på Os i nokre timar, eller at ein bil har punktert i Odda sentrum har eg rett og slett ikkje interesse av å høyre om. Og eg reknar med at dei som bur i Hordaland har same oppfatninga. Eg er difor redd at NRK tapar terreng og mista mange lyttarar i heile fylket om dei vel og satse på ei samsending.

Den ettermiddagssendinga vi i dag har frå nynorskhuset i Førde er dagsaktuell, interessant og lærerik å høyre på. Sakene er lokale, og ein kjenner stemmene som kjem gjennom høgtalaren. Ein får ei eiga tilknyting til desse folka ein høyrer kvar dag på radioen. So kjære NRK, gje oss Roy Raasholm Fauske og Stian Sjursen Takle i ettermiddagssendinga på radioen her i Sogn og Fjordane, og lat Tony Ågotnes halde seg til lokalsendingane i Hordland.

Jonas Haugsbø
Lokallagsleiar Høyanger Senterparti