Norsk musikk gjennom 200 år


I løpet av framsyninga «La det swinge» skal 10.klassingane ved Høyanger skule ta føre seg norsk musikk gjennom ikkje mindre enn 200 år.

– Det var lærarkollega Kirsti Oma sin idè om norsk musikk som tema for årets musikkprosjekt. Det finst så mykje bra, at vi tykte det fortente å bli eit eige tema, seier Sonja Årdal som i år leiar prosjektet for tiande gong.

– Det gir også større rom for å trekkje fram artistar frå Sogn og Fjordane og Vestlandet,seier ho og nemner blant andre Rattlesnake Charlie frå Høyanger, Olav Stedje frå Sogndal, Lava frå Årdal og Gabrielle frå Bergen.

Songar av alle dei blir nemleg å høyre i årets framsyning, som har fått namnet «La det swinge». Det siste har følgje Årdal med å gjere at det både er ein fengande song og eit viktig høgdepunkt i norsk musikkhistorie.

– På den songen har vi også satsa litt ekstra, med blåserekke og full pakke, seier ho.

Martine Flæthe Langseth, Sandra Fjetland, Seren Bayar og Silje Ruskedal er blant 10.klassingane som er med på musikkprosjektet.Dei fortel at det er både morosamt, lærerikt og sosialt.

– Ja, kva har de lært av det? – Vi veit i alle fall meir om norsk musikk enn vi gjorde før. Det er ikkje det vi høyrer mest på. Det går mest i pop som er på listene. Men nokre kjende vi til, i alle fall av dei nyare, som Gabrielle og Karpe Diem, svarar dei.

«La det swinge» har to framsyningar i Høyanger samfunnshus onsdag 14.mars.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

10.klassinganee Seren Bayar, Martine Flæthe Langseth, Sandra Fjetland og Silje Ruskedal både gler og gruar seg til å stå på scena i Høyanger samfunnshus neste onsdag.