– Dette er ei historisk avgjerd som gjer det mogleg å handheve grunnlova sitt vern om norsk suverenitet, seier Nei til EU sin leiar Roy Pedersen. (Pressefoto)

No skal ACER-søksmål opp i Høgsterett

– Dette er ei historisk avgjerd som gjer det mogleg å handheve grunnlova sitt vern om norsk suverenitet, sier Nei til EU sin leiar Roy Pedersen.


Dei er nøgde med at ACER-søksmålet no vert prøvd for rettsapparatet i full breidde. 

I dag avsa nemleg Høgsterett  sin kjennelse om Nei til EU sitt ACER-søksmål kan prøvast for domstolane. Sistnemnde meiner oppgjeving av norsk suverenitet til EU sitt energibyrå ACER og EØS-tilsynet ESA er i strid med grunnlova.

Saka skal no tilbake til Oslo tingrett for å behandle spørsmålet om Stortinget har brote grunnlova.

Nei til EU  ser fram til å klargjere for retten dei inngripande konsekvensane ACER og EU sin energiunion har for det norske samfunnet.

Tredje energipakke
Nei til EU saksøkte staten fordi Stortinget ikkje følgde grunnlova sin paragraf om suverenitetsoppgjeving, som blant anna krev eit kvalifisert tre fjerdedels fleirtal, då EU sin tredje energipakke vart vedteken i mars 2018.  

– Dette er suverenitetsoppgjeving i strid med grunnlova på eit av samfunnslivets kjerneområde, nemleg energisektoren. Suverenitetsoppgjevinga kan få inngripande betydning både for mange bedrifter og befolkning i det norske samfunnet, seier Roy Pedersen i ei pressemelding. 

– Vi noterer med interesse at Høgsterett sitt fleirtal anføree at EU sitt energibyrå ACER via ESA kan fatte vedtak av betydning for Statnett, og at det er EFTA-domstolen og ikke norske domstolar som skal behandle og eventuelt bøtelegge ved brot på retningslinjer og pålegg, seier Pedersen vidare. 

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.