-No må Nyrstar og Trafigura spele på lag med oss


- Vi signaliserte at vi vil kome i dialog om vilkår med eventuelt nye eigarar og ny drift av fabrikken i Høyanger, og at Nyrstar og Trafigura må spele på lag med kommune og tilsette for å få til dette.

Det seier ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn etter at han og Tommy Ølmheim - Nyrstar sin plassjef i Høyanger - før helga hadde eit kort digitalt møte med sjefen hans i Nyrstar Budel i Nederland. 



- Vi jobbar på ulike frontar i nettverket vårt, både nasjonalt og internasjonalt, og har fått innspel om at det er aktørar der ute som har signalisert interesse for fabrikken i Høyanger. Det gjeld også kva produksjon som kan vere aktuell, utan at eg kan gå nærare inn på det no, seier Sortland. 



Difor tok han også opp sal av fabrikk og utstyr då han snakka med Nyrstar Budel-sjefen.

- Nyrstar tek imidlertid visse atterhald, kan ordføraren fortelje.

- Dei er opptekne av at ny verksemd ikkje kjem i direkte konkurranse med dei. Det gjeld ikkje minst store kundar på leverandørsida. Kva avgrensinger dei set, vil det bli gitt tilbakemelding på relativt snart, seier ordføraren.



Orienterte kommunestyret

Han kom inn på noko av det same då han orienterte kommunestyret om situasjonen rundt Nyrstar på møtet i dag, torsdag. Der viste han også til avtalene som er inngått med Nyrstar. Blant anna har dei fem år igjen av eksisterande leigekontrakt med Hydro om bygg og område rundt, gjennom næringsparken.



Elles har dei avtale med Høyanger kommune om rimeleg konsesjonskraft.



- Nyrstar har også tilpassa fabrikken produksjonen sin, og eigar kan krevje at den vert ombygd igjen. Det vil koste Nyrstar mykje. Så om dei er velvillige i høve til å få til ny aktivitet, kan vi vere det same i høve til kontraktar, sa han på kommunestyremøtet.



Han opplyste elles at dei tilsette ved Nyrstar er førespegla å jobbe i éin månad til og få løn i tre månader, altså omtrent ut året. 



- Vi bør difor ha noko meir konkret når det gjeld vidare aktivitet i løpet av hausten, slik at vi kan behalde tilsette i bygda, og ikkje søkje på jobbar andre stader, og kanskje flyttar, seier han til Ytre Sogn.



Les meir i siste Ytre Sogn!