No har vaksinen kome til legesenteret i Høyanger


Onsdag morgon vart dei første dosene med koronavaksiner levert hos legesenteret i Høyanger.

- Ting må skje fort. No har vi fem dagar på oss til å setje desse vaksinene, så vi startar allereie i dag. Og bebuarar på Kyrkjebø sjukeheim er først ut. Så følgjer Høyanger sjukeheim, fortel kommuneoverlege og smittevernleiar Kristine Brix Longfellow og dagleg leiar ved legesenteret Tonje Strandos til Ytre Sogn.

Difor tykkjer dei også at det er greitt at første leveranse berre inneheld 20 dosar. Det gjer ikkje minst arbeidet med å distribuere lettare.

- Det hadde jo vore noko heilt anna om vi fekk 1000 dosar på ein gong- Så det er greitt med ein riolegare start, seier Longfellow.

I neste veke kjem 15 vaksinedosar til. Sidan veit dei ikkje kor mange dei får.

-Det er avhengig av når produsentene får godkjent vaksinene sine. Moderna er venta å få det i dag. I så fall er Norge sikra 1,9 millionar dosar til. Då vil ting sjølvsagt gå raskare, seier dei to.

Dei er uansett glade for å kome i gang med å vaksinere.

- Det handlar jo om å beskytte dei mest sårbare. Å få korona inn på ein sjukeheim kan, som vi har sett andre stader, få fatale konsekvensr, påpeikar Strandos.

Må ikkje ringe

Elles fortel dei om ein del telefonar siste tida, med folk som lurer på når dei får vaksine.

- Til dei må vi seie at vi kontaktar folk når vi veit. Første to vekene er det som sagt talet på doser avgrensa. Men slik er det for alle kommunar, seier Strandos, men legg til: - Det er viktig at dei som tilhøyrer prioriterte grupper er førebudde på at det skjer raskt når dei først vert kontakta. Vi veit førebels ikkje kor mange dosar vi får framover, bortsett frå denne og neste veke.

Longfellow nikkar.

- No er det først dei over 85 år på sjukeheimane som skal ha vaksine, så jobbar vi oss nedover på prioriteringslista som FHI har utarbeidd. Det har imidlertid kome nokre endringar. No har vi til dømes fått beskjed om at frå neste veke har vi lov å bruke inntil 20 prosent av dosene. Dei har altså kome høgare opp på lista enn dei først var. Og det er heilt rett, meiner ho.

Samtidig ber dei folk som kontaktar legesenteret om å vere tolmodige med dei, ettersom mykje av ressursane framover vil brukast på å få ut vaksinane.

- Det er også ein del arbeid som må gjerast i førekant, som betyr auka press på oss. Det kan gå utover den vanlege drifta, seier dei to, men understrekar at dei framleis vil levere teneste på eit fagleg forsvarleg nivå.

Vaksinedosane vart sett rett på kjøling i laboratoriet til Høyanger legesenter.