Nedlegginga av Tronvik:

Når kvalitet blir for dyrt


16. januar sa helse- og omsorgsminister Invild Kjerkol at ressursbruken til psykisk helsevern og rusbehandling skal opp, at døgnkapasiteten skal opp, og at ventetidene skal ned. Ni dagar seinare legg Helse Førde ned 60 prosent av døgnsengene innan rus i regionen.

Oppdragsbrev og styringsdokument både frå regjeringa til helseføretaka, og frå Helse Vest til Helse Førde, seier det same. På side ein frå Det Kongelege Helse- og omsorgsdepartementet, punkt ein over hovudmål, kan ein lese at «Helse Vest skal innrette verksemda si med sikte på å nå følgjande hovudmål: 1. Styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling».

Og så gjer ein det stikk motsette

Arve Varden og administrasjonen i Helse Førde er heilt sikre på at dei framleis skal levere eit fullverdig tilbod. Ekstra sikre blir ein gjerne når ein har eit håp om å spare 25 millionar kroner i året. Men det er nok ingen i leiinga i Helse Førde som med handa på hjartet kan forsikre nokon om at tilbodet ikkje vil bli dårlegare.

For det er det klart det blir. Ikkje berre tek ein vekk 15 av dei 25 døgnsengene som finst i Sogn og Fjordane, og siktar seg inn på å sende dei som ikkje får plass ut av Helse Førde, men ein tek også vekk eit unikt behandlingstilbod. Eit behandlingstilbod som både pasientar og tilsette opplever som livsviktig for dei som ender opp til behandling langs Sognefjorden.

Ei behandling som leiinga i Helse Førde sjølv hadde all grunn til å vere stolte over.

Men ein fjernar også eit unikt fagmiljø. Med ei avstemming i Hildrabygget plukkar ein no frå kvarandre ein arbeidsplass med nesten 40 årsverk, som ikkje berre har fungert så bra at pasientar nærast har stått i kø til pressa for å framsnakke staden – men som også har gitt dei tilsette eit så godt arbeidsmiljø at Tronvik knapt har sjukefråvær.

Pasientar frå regionen, også frå Helse Vest, har blitt sendt hit når lite anna har fungert. Når dagbehandling på ein poliklinikk er poenglaust, fordi dei det gjeld har rusa seg frå førarkort, pengar, bustad og heile evna til å fungere i nærleiken av normalt.

Ein har hamna på Tronvik når ein treng meir enn berre ei seng. Når ein treng eit opphald i kvardagen, fri frå omgjevnadane, når ein treng natur, aktivitetar og meining i livet. Når ein treng tid og krefter til å snu heile det tungrodde skipet som er sitt eige liv i riktig retning når det er på veg til å grunnstøytte i eit rushelvete som alltid, alltid endar i ruinerte liv og liding for alle rundt.

Denne pasientgruppa vil no møte eit system som ikkje lengre er like godt rigga for å ta vare på dei. Dei aller svakaste og mest sårbare står at med eit tilbod av lågare kvalitet, og for nokre av dei vil det sei eit tilbod som ikkje passar, som ikkje kan hjelpe.

Stikk i strid med det regjeringa har sagt skal skje.

Korleis kan ein ha ein situasjon der regjering, departement og helseminister insisterer på at ein ting skal skje, medan helseføretaka dei eig og har ansvar for gjer noko heilt anna?

Det er ikkje til å komme utanom at Helse Førde må spare pengar, og dei må spare mykje. Og det er heller ikkje til å komme utanom at dette er ein situasjon dei har hamna i utan veldig mykje skuld i det sjølv.

Heilt nødvendige investeringar i bygningsmasse har auka kolossalt i pris nærast over natta, utgifter til løn går opp i takt med at utgiftene aukar, utan at helseføretaket vårt har fått noko særleg meir å rutte med frå dei som deler ut pengane.

Og når Helse Førde må gjere opp rekninga sjølv, har dei altså delt den vidare ut til ruspasientane.

Og eg må sei eg finn det smått utruleg at styremedlemmene i Helse Førde, og ikkje minst administrasjonen, må drive gjetteleik på styremøtet for å finne ut kva signala frå sentrale hald eigentleg betyr for dei.

Når det opp og ned og i mente blir gitt signal om at rusvernet skal styrkast, skal få meir ressursar og skal styrkast i kvalitet, medan Helse Førde er midt i ein prosess der dei tråkkar ned ein heilt anna sti i jakt på eit budsjett som skal gå opp, så skulle ein tru at det var mogleg for eigarane av helseføretaka og drive med noko så enkelt som kommunikasjon.

Ein skulle tru det var mogleg å fortelje kva konkret Arve Varden kan forvente for utstrekt hand i jakta på eit styrka rusvern i landet. Ein skulle tru at når helseministeren har skrive ein sjukehustale, så har ho også ein idé om korleis planane skal settast ut i live.

Men det ser ikkje slik ut. Det ser ut som at regjeringa har planar om å pusse opp og bygge på det metaforiske huset som er rusvern på same tid som helseføretaka bestiller riving.

Og så er det jo det store spørsmålet om kor mykje ein eigentleg vil spare på dette. Tala Helse Førde legg fram sjølv seier at det til nesten ei kvar tid er fleire pasientar i regionen enn dei no vil ha behandlingsplass til. Arve Varden forsikrar om at han og Helse Vest har prata, og saman har dei kapasitet.

Men i same sekund som ein ikkje har kapasitet, så må ein ut av Helse Førde. Det blir fort til dei private aktørane, og det blir fort dyrt. Dei tilsette på Tronvik skal ha nye jobbar i helseføretaket, og dei tek med seg løna som spesialsjukepleiar eller andre fagutdanningar dit dei hamnar.

Og kor mange av dei pasientane som i dag får nye liv på Tronvik vil ende opp mellom to stolar, eller som kasteballar mellom behandlingstilbod som ikkje kan hjelpe dei? Pasientar som ikkje blir friske kostar betydeleg meir enn dei som ikkje kjem tilbake.

Og oppdragsbrev og styringsdokument ligg der framleis. Kvaliteten skal framleis opp og ventetidene skal framleis ned. Helse Førde seier sjølv at nedlegging av Tronvik vil føre til lengre ventetider, men det er noko dei kan leve med då ventetidene i dag er så låge.

Faren for at Helse Førde no driv med god gammaldags pissing i buksa for å halde varmen er dessverre alt for reell. 

Ein skulle likevel tru at ein på sikt finn rom til å jobbe med det som er den uttalte førsteprioriteten innan helse i landet.

Men den type fagmiljø som ein i dag og fram til mai finn på Tronvik kan ein ikkje bygge over natta. Den dagen ein igjen skal utvide behandlingstilbodet i Sogn og Fjordane er det nærliggande å tru at det er rusposten på Eid som vil bli prioritert, mykje fordi det meir eller mindre er den einaste staden med rusbehandling igjen her omkring.

Eid ser i alle høve ut til å ha blitt totalt skjerma i prosessen med å finne innsparingar, og det høyrer vel også med til historia at avdelingsleiar ved Nordfjordeid psykiatrisenter også fungerer som rådgjevar for direktør for psykisk helse i Helse Førde.

Men igjen; Helse Førde manglar pengar. Økonomi trumfar alt. Det trumfar pasienttilbodet, det trumfar kvalitet og ventetider. Det trumfar Tronvik. I verste fall trumfar det liv og helse.

Og det trumfar både oppdragsbrev og styringsdokument.