Miljøstasjonane er opne igjen: I kø for å levere avfall



- Det er mange som har venta på dette, konstaterer Andreas Avsnes på SIMAS sin miljøstasjon i Vadheim.


Torsdag klokka 12 opna dei portane igjen, etter å ha vore stengd i ein månad på grunn av koronakrisa. Og allereie ein halvtime før var køen av bilar utanfor lang. På det meste stod mellom 10 og 15 bilar og venta på å sleppe inn.


- Det er alltid bra med trafikk på miljøstasjonen rett over påske, Mange har brukt dagane før til å rydde heime, både inne og ute. Det har likevel vore ein del meir enn det pleier, sidan miljøstasjonen no har vore stengd i vel ein månad på grunn av koronakrisa. Så det er tydeleg at mange har venta på dette, seier Andreas Avsnes, men legg til at det ikkje er fleire enn dei klarer å handtere.




- Folk har dessutan blitt oppmoda om å avvente litt, slik at ikkje alle kjem til miljøstasjonen første dagen den er open igjen, seier han.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Ingar Takle frå Høyanger var blant dei som nytta høvet til å levere avfall igjen, etter at miljøstasjonen hadde vore stengd i ein månad.

Peder Hetland (f.v.), Arvid Skår og Andreas Avsnes var denne veka tilbake på miljøstasjonen i Vadheim.