Mesta startar opp i Vadheimstunnelen over nyttår


Nyleg signerte Vestland fylkeskommune kontrakt med Mesta Prosjekt Elektro om oppgraderinga av elektro- og sikkerheitsutstyret i Vadheimstunnelen.

Det har allerede blitt gjort mykje arbeid i tunnelen på fylkesveg 55 i ein tidlegare entreprise, utført av Hæhre. No skal det blant anna installerast fleire vifter, nye og betre lysarmatur, nytt teknisk bygg og flerie naudstasjonar.

Arbeidet i tunnelen skal starte i løpet av februar.



– Vi har allereie sett i gong bestilling på utstyr med lang leveringstid, og så snart vi har oversikt over leveransane så kjem vi til å setje i gong med arbeidet, seier Joar Ølmheim i Mesta Prosjekt Elektro i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.



– Det er få reine elektrokontraktar i marknadnt, som regel er elektro del av ei større kontrakt. Så det er kjekt å vere hovudentreprenør og ha sitt eige prosjekt, legg han til.

Eivind Yttri, seksjonssjef i Vestland fylkeskommune, og prosjektsjef Joar Ølmheim i Mesta Prosjekt Elektro. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Elektrooppgraderinga skal vere ferdig i løpet av mai.

Stengetidene for tunnelen er enno ikkje avklart. Krava som er sett i kontrakten er at tunnelen kan stengast i inntil 45 minutt frå måndag til fredag i tidsrommet 06-22. Mellom 07-09 og 15-16:30 skal det vere kontinuerleg kolonnekøyring når det pågår arbeid i tunnelen.



Det kom inn i alt seks tilbod på arbeidet i Vadheimstunnelen, som varierte frå 13,9 til 19,6 millionar kroner. Mesta hadde det lågaste.