Ytring frå Monica Sæle.

Menneske med nedsett funksjons­evne under­prioritert over lang tid


Gode og likeverdige tenester vart trukke fram på presentasjon av budsjett for 2023 og budsjett og økonomiplan for 2023-2026 i Høyanger kommune idag 04.11.22.

Det vart i same møte idag referert til at fantastiske tenester ikkje var eit mål for kommunen. Samstundes undrar eg meg over kva som er definisjonen på likeverdige og gode.

Fordi eg som forelder til eit born med særskilte behov vil kunne risikere å bli møtt med at dette bør vere godt nok og at dette hadde vore godt nok for mitt barn om hen hadde hatt behov for tenester.

Så lenge mine og dine referanser ikkje er dei same og CRPD ikkje er noko alle kjenner til, kan ikkje dette vurderast. Men det er ein annan diskusjon.

Mi bekymring omhandlar i hovudsak menneske med nedsett funksjonsevne. Eg har som representant for råd for eldre og menneske med nedsatt funksjonsevne delteke i forprosjekt til bygging av tun i Høyanger kommune. Saman med meg i dette arbeidet var engasjerte tilsette som kjenner tenesta godt frå ulike vinklar.

Som forprosjektet viser er dette eit tjenesteområde i kommunen som er langt frå godt og likeverdig på fleire områder.

Underprioritert over lang tid er ei setning som oppsummerer arbeidet som er gjort når det gjeld menneske med nedsett funksjonsevne og setninga står også i tilbakemeldinga til kommunedirektør.

Eg har også sjølv vore på eit møte med kommunen sine representantar om mitt born med særskilte behov og om det kan vere ei aktuell buform for henne i framtida. Ein plan er ofte betre enn ingen plan, men når planen om bustader og tun brått har forsvunne inn i drift blir eg som pårørande urolig.

Arbeidet med bustader for menneske med nedsett funksjonsevne har i åresvis i kommunen stort sett alltid vore inne i drift. Eg vågar å meine at det har blitt underprioritert fordi ein må ta unna andre meir presserande lovpålagte tenester.

Kor mange runder skal ein ha rundt prosessar med at menneske som er litt annleis enn oss andre skal bu godt er spørsmålet eg stiller meg.

Så gi oss gjerne noko skapande, kraftfullt og ikkje minst inkluderende for framtida her.

Om det så er å lage ei god og tydelig ansvarsgruppe, for å bruke ein terminologi godt kjent for oss i målgruppa, og basert på trepartssamarbeid og brukarmedverknad.

Eg vågar å meine at me langtidspårørande ofte er betre enn andre på omstilling og endring og har mykje erfaringskompetanse rundt det at ein plan ikkje alltid går etter planen.

Likevel, vi veit at denne utfordringa kjem, me veit at me treng midlar til dette og som sagt, ein plan er betre enn ingen plan. Mi oppfordring her er, hald fokuset oppe og få det inn i budsjettet.

Monica Sæle
Mor og langtidspårørande