Båtruta Nordeide-Måren-Ortnevik-Vik vert i dag trafikkert av "Tansøy."

Meir enn 50 prosent utsleppskutt for nye båtruter

Skyss har i dag tildelt kontrakt for lokale båtruter i Sogn og Fjordane til Norled AS, blant anna i Høyanger.

Kontrakten stiller klimakrav om minst 52 prosent CO2-kutt, og gjeld drift av lokale båtruter i Kinn, Bremanger, Stad, Vik, Høyanger, Sogndal og Lærdal kommunar frå 2024 til 2036, med opsjon for fylkeskommunen til å forlenge kontrakten med opptil to år. 

Frå 1. mai 2024
Driftsoppstart er sett til 1. mai 2024, men med ein rett for Norled til å starte opp drifta frå 1. november 2023, går det fram av ei pressemelding frå Skyss.

I Høyanger gjeld det rutene Nordeide-Måren-Ortnevik og Vik-Ortnevik.

Kontrakten stiller krav om fornybar energi og minst 52 prosent reduksjon av drivstoff-forbruket. Ytterlegare utsleppskutt i tillegg til dette vert premiert med bonus. Oppdraget kan typisk løysast med hybridelektriske fartøy og tilhøyrande ladeinfrastruktur på fleire av kaiene i ruteområdet. Skyss har lagt til rette for elektrifisering og sikra straum og areal på relevante kaier. Det er søkt og innvilga opptil 22,3 millionar kroner i støtte frå Enova for kostnader knytt til kjøp og etablering av slik energiinfrastruktur.

Endeleg avgjerd
Fire operatørselskap deltok i konkurransen – Fjord1 ASA, Torghatten Nord AS, Norled AS og Boreal Sjø AS. Skyss vil signere kontrakt med Norled AS etter at karensperioden er over.

– Vi er svært nøgde med resultatet av anbodskonkurransen, som gir god utteljing for klima og miljø. Med denne anskaffinga bidreg vi til innovasjon og marknadsutvikling i det grøne skiftet, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss.

Prosessen er etter tidlegare politisk vedtak lagt opp slik at fylkesutvalet skal ta den endelege avgjerda om miljøinnrettinga på kontrakten. Kontrakten inneheld ein opsjon for fylkeskommunen til å be operatør om å i seks år. 

Saka vil bli handsama i fylkesutvalet i november.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.