Matproduksjon i fjella mellom Høyanger og Gaular


Landbruket i Høyanger og Sunnfjord bidreg til å oppretthalde busetnad i bygdene, har stor verdiskaping og sysselsetnad i regionen, held kulturlandskapet i hevd og ivaretar naturmangfoldet.

I fjellområda som Hydro, Eviny og Zephyr, samt Fred Olsen Renewables vil bygge ut til vindindustri er og eit område som landbruksnæringa brukar til å produsere mat. Fjella mellom Gaular og Høyanger er eit viktig beiteområde for sau, storfe og geit. Spesielt er det eit viktig beiteområde for sauebøndene, og har vore det i generasjonar. Viksdalen beitelag, Høyanger nordside beitelag og Gaular beitelag har alle beiteareal i fjella mellom Gaular og Høyanger. Totalt vert det sleppt 8282 dyr av sau, lam, storfe og geit på utmarksbeite frå desse beitelaga årleg.

Frå Hestadfjorden i vest til Oppedal i aust er det 10 landbruksføretak med sau som har utmarksbeiter i planområdet til vindkraftverka. Tal sleppte dyr i fjellet her er ca 470 vaksne sauer og ca 700 lam. Det vert samla sett levert ca 700-800 dyr til slakt frå desse landbruksføretaka kvart år.

Det er klart at saueholdet i området for vindkraftutbygging vil bli påverka, spesielt er vegsystemet omfattande og tek mykje beiteareal. Viktigast er kanskje forstyrringa som eit vindkraftverk vil medføre. I skriv frå landbruksnæringa til Høyanger kommune 30.01.23 peikar dei på at uro i beiteområde vil kunne medføre at dyra trekk til nye områder, og vaksne og lam har lett for å bli skilde frå kvarandre. Dette skaper meirarbeid ved sanking og gir eit dårlegare økonomisk resultat for bøndene.

Vatn i området vil bli påverka av vindkraftverket, og i tillegg til dette kan det nemnast at det i Tyskland er matråd om ikkje å ete lever frå villsvin i turbinrike områder. Dette er eit kraftig signal om at vindkraft kan/vil gå utover kvaliteten på kjøtt.

Ei vindkraftutbygging i desse områda vil påverke sauehaldet direkte, samt påverke andre bønder og grunneigarar i området med at vindindustrien vil komme tett på eigedommane. Dette vil forringe verdien av gardane og for nokre bulyst, og lyst til å drive garden vidare. I tillegg vil det ha konsekvensar for jaktinteresser og utleigeverksemd i desse verdifulle naturområda.

I Sunnfjord kommune var det i 2020, 580 årsverk direkte knytt til jordbruk, 8 årsverk til skogsdrift, 43 årsverk knytt til tilleggsnæringar og 536 årsverk som følgje av ringverknadane. Totalt utgjer dette rundt 1200 årsverk i sysselsettingeffekt for Sunnfjord kommune. I Høyanger kommune var det i 2020 129 årsverk sysselsatt i primærnæringa.

 

Uttaler frå bønder:

Jardar Følling – Viksdalen

Eg beiter ca 120 sau i planområdet, på Følling er det 4 bruk med sau som alle beiter i området ca 500 sau totalt. Fjellbeitet er viktig då dette er beste plassen for dyra å være om sommaren pga kjøligare luft/snøfonner, lite insekt og flåttplager, og fri tilgang på nytt gras og friskt vatn. Eg har ei sankebu/hytte som er nytta både i næring og privat.

Ved ferdselsvegen over steinbrua ligg murane etter den gamle Tingstova, desse er vel begge automatisk freda kulturminne. Området på Sunnfjord sida har ein flott bestand av både fjellrype og lirype som i liten grad er jakta på, og det er fisk i nesten alle vatn, i tillegg er området mykje nytta av bygdefolk til tur og rekreasjon i form av trimpostar.

Alt dette vert jo meir eller mindre verdilaust og ødelagt visst det blir gjort om til industriområde. Det vil gå ut over lysta til å investere i gården og fortsette å bu i bygda.

Fred olsen har allerede påført fleire grunneigarar store kostnader ved å gi signerte grunneigarar pengar til å starte jordskiftesaker i fjellet, der dei som sto imot presset blei sittande igjen med store sakomkostninger. Dette er penger som heller skulle vore investert på garden.

Håpar politikarane i Høyanger og Sunnfjord ser verdien i å ta vare på naturen og verdiane som er bygd opp i generasjonar. Naturen er ein av dei største grunnane til at folk bur her og har lyst å komme på besøk i bygda. Å bygge ein vindmøllepark i denne sårbare naturen vil vere visuell forsøpling og rasering av verste sort.

Ingvild Lien – Hestadgrend

Over nyttår 2025 skal eg overta eit gårdsbruk på Hestadgrend i Sunnfjord. For meg og familien vil det vere lite aktuelt å drive og bu på garden om vindturbinane kjem på Snøheia. Beiteområde i utmark vil komme midt i vindkraftanlegget, og mykje av turområde og natur rundt garden vert øydelagt. Vidare har gårdsbruket ei tilhøyrande hytte som ligg ved Dyttingane. Om denne får stå, ser vi lite nytte og glede av å bruke den, då den vert liggande i turbinparken. Alle desse faktorane vil medføre ein tydelig verdireduksjon på garden, og sjølvsagt redusert bulyst. Støy, blinkande lys og frårøva natur har dessutan frå andre vindkraftanlegg vist at det fører til dårlegare helse og livskvalitet for dei nærmaste innbyggarane. Om ein ynskjer levande bygder, med mykje folk og dyr må ein stoppe dette inngrepet!! Fjella får vi aldri tilbake!

Harry Årlid – Hestadgrend

Eg har 300-400 sauer på beite i planområdet. Det kjem mest truleg å vere kroken på døra om det kjem vindturbinar i beiteområdet. Det er urealistisk og uforsvarleg å sende dyra opp i anleggsområde under byggetida då det er mykje anleggsmaskiner og sprengingsarbeid. Vidare er det usikkert om området kan brukast til beiting i framtida pga forurensning.

Jo Erik Årnes – Hestadgrend

Stort sett alt av beiteområdet for sauene mine er i planområdet. Ved ei utbygging vil det bli mykje uro med anleggsarbeid og dyra vil sannsynlegvis trekke ut av området. Ved etablering av mange nye vegar er det også truleg at dyra kan følge desse ut av området. Dette vil føre til mykje ekstraarbeid. Det vil være svært negativt dersom fjellbeita her ikkje lenger kan brukast til matproduksjon.

Thea Hauken – Hauken

Vi har beitedyr i område Steiafjellet-Årnesstølen. Beitedyr i fjellet nyt lange somrar i eit roleg og fredeleg terreng utan andre forstyrringar enn naturlege årsaker. Dei går stort sett i ein samla flokk. Ein vindmøllepark vil i første omgang medføre mykje maskinstøy og uro for beitedyra, når dei skal lage veg opp til der parken skal vere. Det er ikkje naturleg med store maskiner og støy i eit naturområde som det fjella våre er. 

Ein maskinpark vil føre til at flokken trekker unna og dei vil bevege seg mot andre områder lenger unna, eller trekke heimover. Vi ser også føre oss at dyra vil bli splitta i mindre grupper og spre seg meir enn tidlegare då vi ser at det ikkje er store uromoment som skal til for at dette skjer. 

Når vi går på beitetilsyn og sauesank er det å lytte etter bjøller eit hjelpemiddel vi nyttar for å finne dyra. Vil det vere mogleg i ein slik støy som vindmøllene lagar? 

I ettertid ser vi utfordringar knytt til at anleggsvegane vil gje dyra moglegheit for å trekke i nye områder som dei tidlegare ikkje har vore. Dette har vi erfaringar med i hogstfelt kor dyra no beiter og trekk mot i større grad enn før. Dette medfører større uro og bekymringar for kor dyra går til ei kvar tid, og ein vil i større grad måtte leite meir for å finne att dyra.

Arne Jan Thue – Berge

Vi på Berge vart og kontakta av vindkraftutbyggjarar, men vi sa nei til det. Planområdet som no føreligg er nær opptil eigedommen vår. Vi kan bare tenke oss korleis beiteområda hadde blitt, for våre kyr går over heile fjellet her oppe. Vi er avhengig av fjellbeite då vi ikkje har nokon gode beiter rundt garden. Det blir undervurdert kva beita på fjellet har å seie for bøndene. Landbruksnæringa er ein stor virksomheit og det kan gå tapt mange årsverk i jordbruket ved at det kjem vindkraftverk på fjella her. Alle arbeidsplassane i kommunen er viktige enten det er landbruk eller industri. Å bygge vindkraft på fjella kan føre til at årsverk forsvinn i landbruket.

Arne M. Bekkevold – Vadheim

Eg har drifta Markeset og stølsdrift på Markesetstølen siden 1977 med sau, geit og kyr. Seterkulturen er nå nylig lagt inn på UNESCOS liste over immateriell kulturarv. Det er ei viktig kilde for lokalprodusert mat og overføring av kunnskap og tradisjoner.

Eg er no pensjonist og avvikla gardsdrifta i 2023. Med eit vindkraftanlegg på beiteområda i fjellet, vil det være umulig å drive gardsdrift med beitedyr til fjells, grunna støy, anleggsvei og forureining, noko som vil true bu og driveplikta på gardsbruka her. 

Det vil og føre til redusert verdi på garden min, og bli vanskelig for andre å kjøpe og drifte garden og stølsdrifta videre. 

Eg synest det er trist å tenke på at det eg har bygd opp gjennom så mange år er i ferd med å bli øydelagt for kommende generasjoner i evig tid.

Hanne Elin Skår – Vadheim

Vi har sau av rasen Skotsk svartfjes på fjellbeite, dette er ein sauerase med eit sterkt flokkinstinkt og vi har lite tap av dyr på fjellbeite. Dei to siste åra har vi hatt 130 dyr på fjellet og mista to lam. Eg fryktar at det vert svært utfordrande å ha sau på beite i annleggsperioden og ved eit vindkraftverk. Det vil vere usikkert om området kan nyttast i framtida.

Gardsbruket vårt har stølshus på Vadheimsstølen.

Vadheimsstølen vært nærliggande til vindkraftverk og mykje av natur og turområde vert øydelagt. Grunneigarar til Vadheimsstølen nyttar stølshusa sine store deler av året, og tek turen til fjells på ski i påsken. For meg vil utbygging av vindkraftverk føre til at eg ikkje lenger vil ha beitedyr på fjellet og bruken av stølshus på Vadheimsstølen blir sterkt redusert.

Hanne Thue

Ingvild Lien

 

Kjelder:

Temaplan for Landbruk Vestland. Henta frå: https://www.vestlandfylke.no/globalassets/landbruk-reiseliv-og-naturressursar/landbruk/temaplan-landbruk-for-vestland-20232027.pdf


Rapport grunnlag for temaplanarbeidet. Henta frå: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/3002544/NIBIO_RAPPORT_2022_8_102.pdf?sequence=9&isAllowed=y


NIBIO, arealbarometer Sunnfjord: https://arealbarometer.nibio.no/nb/fylker/vestland/kommuner/sunnfjord/


NIBIO, arealbarometer Høyanger: https://arealbarometer.nibio.no/nb/fylker/vestland/kommuner/hoeyanger/