Den gamle kyrkjegarden i Hyllestad er frå mellomaldaren, og er ein av dei eldste i Hyllestad. Laurdag blir det håpsvandring hit, og Hyllestad si kvernsteinshistorie er tett knytt til 1000-årsjubileumet av kristenretten som føregår i desse dagar.

Markerer kristen­retten med håps­vandring i Hyllestad

Som ein av nøkkelstadane langs Kystpilgrimsleia skal også 1000-årsfeiringa av kristenretten bli markert i Hyllestad.


I samanheng med 1000-årsfeiringa av kristenretten på Moster vil det også bli markeringar i samband med Kvernsteinsmarknaden til helga. Hyllestad og Kvernsteinsparken er nemleg ein del av Kystpilgrimsleia, der dei er det som heiter nøkkelstad.

Hyllestad er nøkkelstad nummer 12, og kjem rett etter Gulatinget som er nøkkelstad 11.

Kystpilgrimsleia

– Kystpilgrimsleia vart oppretta så nyleg som i 2018, og vart opna på Selje kloster av Dronning Sonja. Det er grunna at fleire av dei gamle steinkrossane som sto langs kysten vart hogde her at Hyllestad er ein nøkkelstad, fortel Audun Systad.

Nokre av krossane reknar ein med kjem heilt tilbake frå Håkon den Gode si tid på 900-talet.

Den pensjonerte presten er både oppteken og stolt over at Hyllestad er ein del av Kystpilgrimsleia, og laurdag vil dei markere dette med ei «håpsvandring».

– Vi skal gå frå Kvernsteinsparken til den gamle kyrkjegarden som ligg i gamle Hyllestad. Etterpå går vi vidare til den nye kyrkja, fortel han.

Kyrkjegarden er rekna å vere frå tidleg mellomalder, og er ein av dei eldste i landet. Etterpå vil det også bli ope kyrkje utover ettermiddagen.

Verdisamtalar

I samanheng med 1000-årsfeiringa blir det også sendt ei kiste rundt, som skal ende opp i Trondheim og Nidarosdomen på slutten av ferda. I denne skal skuleelevar frå heile landet legge oppi det som kallast «verdibrev».

Som ein av nøkkelstadane skal Hyllestad vere med på dette prosjektet, og onsdag vil det bli verdisamtalar med skuleklassar på Hyllestad skule.

– Desse verdisamtalane skal bli til verdibrev som skal leggast i kista, og som til slutt skal overrekkast til stortingspresidenten i juli. Samtalane skal handle om kva verdiar ungdommen meiner bør prege landet vårt i åra som kjem, fortel Systad.