Sparebanken Vest hadde med seg ti sjekkar som dei delte ut under sitt eige Hjartebank-arrangement i Førde tysdag kveld. To av desse gjekk til mottakarar frå Høyanger, og den som fekk mest var Høyanger Ungdomslag.
– Pengane skal gå til utbyting av undertaket til skifertaket som er på Valhall. Vi har alt gjort dette på taket som er over scena, og der kom prislappen på 300 000 kroner. Det seier Gunn Marie Haugen i Høyanger Ungdomslag, som eig og driftar det gamle og ærverdige forsamlingslokalet. – Sjølv om vi kan bruke opp igjen skiferen vår så er dette svært kostbart. Det er tungt arbeid, og det tek fagfolk ein time å utføre per kvadratmeter. Da blir det dyrt når eit heilt tak skal bytast. Sjølv om Høyanger Ungdomslag fekk 135 000 kroner, noko som var den største summen som vart utdelt tysdag, er det derfor langt igjen før det naudsynte vedlikehaldet er fullfinansiert. Men desse midlane kjem definitivt godt med, og Haugen er glad for å ha fått Sparebanken Vest med på laget. – Vi har ikkje sett at det er nokon frist for å bruke tildelinga, så dei går nok inn i potten, og så vil vi jobbe med å finne andre finansieringskjelder. Dei eksisterer nok, så vi skal ta oss ein runde for å finne andre ordningar som vi kan søke på. For oss er det sjølvsagt viktig å ha eit tak som er tett slik at dei unike veggmåleria som er i Valhall, og interiøret og bygget i seg sjølv, ikkje får fuktskadar.Anita Systad (f.v), Gunn Marie Haugen, Lise Marie Dønnem og Kristoffer Systad Haugsbø fekk ein saftig sjekk av Sparebanken Vest under Hjartebank-arrangementet i Førde tysdag kveld. Men dei treng nok langt meir midlar enn det dei fekk med seg heim igjen frå Sunnfjord om dei skal få gjennomført naudsynt vedlikehald på skifertaket til forsamlingshuset Valhall.
Maks utteljing for Valhall under Hjartebank
Gunn Marie Haugen brukte ti minutt på å skrive ein søknad som gav Høyanger ungdomslag 135 000 kroner meir på konto.