Hyllestad er som mange andre vestlandskommunar grisgrendt og har eit begrensa kollektivtransporttilbod. Det kan gjere det vanskeleg for flyktningar i kvardagen med å delta på fritidsaktivitetar og integrerningstiltak, og møte på arbeid.

Løyver 50 000 til bil for flyktningar

Hyllestad kommune har så langt i år teke imot 12 flyktningar. No arbeider kommunen for å skape ei best mogleg integrering for dei som alt har kome, og for potensielle nye flyktningar.


– Hyllestad kommune har ein visjon om å vere ein inkluderande kommune. Dette inneber å hjelpe flyktningane med blant anna bustad, arbeid, skule og andre tilbod som fritidsaktivitetar. Vi har bustadar i Hyllestad og Leirvik som blir brukt. SFO, skule og vaksenopplæring er også viktige felt som krev tilrettelegging, sa Rolf Horne, einingsleiar for helse og familie, under kommunestyremøtet torsdag.

I 2022 kom det 31 flyktningar til Hyllestad kommune. Blant desse var det 11 kvinner, 8 menn og 12 barn, og av desse er det no 26 som deltek i introduksjonsprogrammet. 28 deltek i norskopplæring, og 7 av dei har språkpraksisavtale. 3 har fått tilsetting i midlertidige stillingar.

Hittil i 2023 har det kome 12 flyktningar til Hyllestad kommune. 7 av dei er kvinner, 4 menn og 1 barn. Kommunen har sagt seg villig til å ta imot 30 flyktningar i år, noko som betyr at det kan kome 18 til i løpet av 2023.

Avhengig av bil
På grunn av store avstandar i Hyllestad kan det vere krevjande å få kvardagen til å gå rundt om ein ikkje har ein bil tilgjengeleg, og det er også eit begrensa tilbod innan kollektivtransport. Kommunen ser derfor på bil som eit viktig hjelpemiddel for betre integreringa, både når det gjeld arbeid og fritidsaktivitetar, og kommunestyret vedtok torsdag ei løyving på opptil 50 000 kroner til kjøp av bil til flyktningar med førarkort. Halvparten av summen blir gjeve som stønad, og den andre halvparten blir gjeve som eit lån. Lånet skal vere rentefritt.

Ulike retningslinjer
Kvar flyktningane kjem frå har mykje å sei for kor lenge dei kan bli verande i Hyllestad og andre kommunar. Syriske flyktningar har til dømes langvarig opphald og kan søkje permanent opphald etter fem år. Ukrainske flyktningar har per no midlertidig opphald på eitt år om gongen, og kan fornye dette kvart år i opptil tre år. Det er altså litt varierande kva regelverk som gjeld ut i frå kor ein kjem frå.

– Vi veit ikkje kor lenge krigen i Ukraina kjem til å vare, og det vil nok verte endringar om krigen varer over lang tid. Men vi må tenke langsiktig og gjere dei som er flyktningar her no klare for arbeidslivet, og gjere dei så godt integrerte som mogleg, seier Horne.