Longva takka av etter 49 år

Då Høyanger Arbeidarparti heldt årsmøtet sitt måndag kveld var det ein veteran som fekk litt ekstra heider.


Ap-bastionen Høyanger har fostra eit par tungvektarar i norsk politikk, og ein av dei er Kjartan Longva. Som emigrert sunnmøring vart han valt inn i kommunestyret i Høyanger i 1980, og der sat han fram til han gjekk av som ordførar i 2011 etter 16 år med ordførarklubba. Då hadde han også klokka inn 24 år på fylkestinget. 

Då Høyanger Arbeidarparti arrangerte sitt årsmøte måndag hadde Longva også sete i styret der i heile 49 samanhengande år, og då han valde å takke for seg som styremedlem vart det naturlegvis ei hending som vart markert av partikollegaane. 20- og 30-årsjubilantane som også fekk heider og ære måtte finne seg i å kome litt i andre rekke akkurat denne kvelden, men det var også ein 50-års jubilant som vart trekt fram under årsmøtet. Nanna Finseth har heile 50 års medlemsskap i Ap, og ho hadde fått tildelt ein plakett og blomster frå Høyanger Arbeidarparti i forkant av møtet.
  
Nestkommanderande
Fylkesvaraordførar Stian Oppedal Davies var årsmøtegjest, og han var med på å heidre både Longva og dei andre veteranane. Som seg hør og bør vart det og tid til litt politikk på møtet, der det vart vedteke åtte uttalar frå partiet. Hovudtrekka i uttalane er:

• Høyanger Ap krev at det framleis må vere tilsette ved NAV-kontoret i Høyanger, og at dei tilsette vert høyrde i prosessen i arbeidet med ei ny form for samarbeid mellom NAV-kontora.

• Høyanger Ap krev at politikarane i Vestland fylke prioriterer utbetring av «Ljotebø Bru – Ulvåna» på Fv 55.

• Høyanger Ap vil jobbe vidare for at « MS Tansøy»  skal bli gratis, og for å auke frekvensen på avgangane,

• Høyanger Ap meiner at Helse Førde må styrke – ikkje avvikle – sin aktivitet på Tronvik.

• Høyanger Ap meiner at eit nytt inntektssystem må på plass der kommunane må få halde på sitt rettvise vederlag for øydelagt natur.

• Høyanger Ap vil gi industrien ein større plass og merksemd i vårt arbeids- og næringsliv.

• Høyanger Ap vil jobbe aktivt i sitt nettverk på fylke og nasjonalt nivå for å halde på og vidareutvikle gode og konkurransedyktige vilkår for industrien i dette landet. 

• Høyanger Ap krev at vegprosjektet «Bogen – Sunnfjord grense» igjen vert prioritert for tildeling av planleggings-midlar i neste NTP.