Linn Christin (28) startar opp butikk
en "Fryd og Flid"


Med eit ønskje om å utvikle hobbyen sin er Linn Christin Fløholm no i gang med å starte opp handarbeidsbutikken «Fryd og Flid» i Lavik.

Saman med sambuaren, tre born og 23 gamalnorske spelsauer bur Linn Christin Fløholm (28) i eit stort, kvitt hus med nydeleg utsikt utover Sognefjorden, sju kilometer vest for Lavik sentrum. Der har ho sidan i fjor sommar har vore i full sving med å realisere draumen å starte eigen butikk med handarbeidsprodukt oppe på garasjeloftet sitt, som ho har vald å kalle «Fryd og Flid».

– Eg starta i fjor sommar og har fått i gang nettbutikken, medan det på garasjeloftet der butikken skal vere framleis er litt finpuss igjen før alt er heilt klart. Når opningsdagen blir er usikkert, men håpar at det ikkje vil bli så alt for lenge til, seier ho til Ytre Sogn.

-Kvifor ville du starte eigen butikk? 


-Eg er utdanna og har jobba som sjukepleiar i åra før eg fekk born, men tykte etter kvart at det vart vanskeleg å kombinere tredelt turnus og helgearbeid med sambuaren sin offshore–jobb. Så då byrja tankane med å starte noko eige å svirre litt. Men skulle eg ta sjansen så måtte det vere noko eg sjølv likar å drive med. Strikking og saum har vore ein hobby eg har hatt i mange år, så valet vart naturleg nok ein butikk med handarbeidsprodukt, seier ho.

I butikken vil det vere sal av garn, stoff i metervare og oppskrifter, med produkt som er miljøvenlege, økologiske og GOTS-merka. (Global Organic Textile Standard, red.mrk).

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Sidan i fjor sommar har Linn Christin Fløholm vore i sving med å realisere draumen om å starta eigen butikk.