Linn Christin (28) opna «Fryd og Flid»


Etter månader med førebuingar kunne innehavar Linn Christin Fløholm (28) torsdag kveld ønskje velkomen til opning av handarbeidsbutikken ho har vald å kalle «Fryd og Flid».

Det har vore nokre intense timar i det siste for å få alt på plass til opningsdagen. Så eg har vore spent, men også gleda meg mykje, seier ho til Ytre Sogn.

Mange hadde teke turen for å vere med på opninga av den nye butikken som ligg oppe på garasjeloftet i heimen hennar, sju kilometer frå Lavik sentrum. I det lune, koselege lokalet som denne kvelden var fylt med dufta av kaffi og kake var reolane fyllt med fargerike garnnøste av merinoull og metervis med økologisk og miljøvenleg stoff.

Eileen Sowerby Dale frå Hellevik i Fjaler og svigerinna hennar Margrethe Gjelsvik frå Jølster var to av dei som var innom butikken denne kvelden.

Dei to venninnene av den nyetablerte butikkeigaren var begge mektig imponerte over kva ho har fått til.

– Linn Christin er veldig flink og det utruleg tøft gjort av ho å starte butikk i heimen sin, ikkje minst med tanke på plasseringa som er litt utanfor Lavik sentrum. Butikken er blitt veldig fin, ja, endå betre enn eg hadde forventa. Det er utruleg koseleg her, og stilen og dei fine fargane som er brukt er typisk ho, seier Dale til Ytre Sogn.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Reolane i den nye butikken er fyllt av fargerike garnnøste av merinoull og metervis med miljøvenleg stoff.

I skumringa og med alle lys tent var det klart for opning av handarbeidsbutikken «Fryd og Flid» i Lavik torsdag kveld.