Ledvin (75) stortrivst som yrkessjåfør


Sjølv om han har passert 75 år har ikkje Ledvin Nessestrand planar om å gje seg som yrkesaktiv lastebilsjåfør med det første.

Når Ytre Sogn er på besøk hos emballasjeprodusenten Nesseplast AS på Nessane denne torsdagen skal han laste opp bilen med 1500 kassar, som skal transporterast ned til Sunde i Kvinnherad kommune, i tidlegare Hordaland.

-Det blir andre turen min ned dit denne veka. Den tek seks timar, så då blir det overnatting før eg lossar av i morgon tidleg, for så å køyre heim igjen. Det har blitt mange køyreturar opp gjennom åra, men eg stortrivst bak rattet i lastebilen, og så lenge helsa held så kjem eg til å halde på ei stund til, seier den aktive 75-åringen.

-Det er heilt fantastisk å ha ein kar som Ledvin i arbeid her hos oss. Han er komen litt opp i åra og har ikkje så mange andre ting som heftar, noko som gjer at han er veldig fleksibel. Sjølv om han no jobbar på tilkalling, så er det ikkje langt unna 100 prosent, seier dagleg leiar Erling Nesse. ved Nesseplast AS.

- Han er ein verdifull tilsett som både er blid og i god form. Og etter at han slutta å røyke er han faktisk i betre form enn han var for 15 år sidan, legg han til.

Les meir i siste Ytre Sogn!

Sjølv om han har passert 75 år har ikkje Ledvin Nessestrand tenkt å gje seg som yrkesaktiv sjåfør med det første