Kva utvikling ønsker SP og Raudt i Høyanger?

Rysjedal ytrar seg i eit lesarinnlegg i Ytre Sogn om eigedomsselskap, leigeprisar, lege- og sjukepleiarmangel, og ei generell otte for private initiativ på bustadmarknaden. Her har Senterpartiet og Raudt funne saman i eit merkeleg forsøk på å forsvare mindretalet i kommunestyret i sak om ei oppfølging av for lengst vedtekne planar om bustadpolitikken i Høyanger kommune.


Rysjedal opnar sitt lesarinnlegg med ein påstand om at Arbeidarpartiet og Høgre 16. mars gjekk inn for å opprette eit kommunalt eigedomsselskap. Dette er ikkje riktig! 

Ap støtta Høgre at kommunen og HNU i lag skal utgreie alternative framlegg til organisering av bustadmassen til kommune, her under å vurdere etablering av eit eige AS eller kommunalt føretak for å auke fokus på dette viktige arbeidet. Det er elles viktig å presisere at eit kommunalt selskap ikkje er det det same som ei stifting! I kommunale selskap vil det vere større grad av politisk påverknad og innsyn. 

Kvifor ønsker AP å utgreie alternative framlegg til organisering av bustadmassen til kommunen? 

Høyanger AP har dei siste åra hatt stort fokus på å gjere meir for å oppgradere dei husværa som kommunen eig. Vi har også erkjent at vi eig for mange husvære. Difor har vi gitt signal om at vi bør selje nokre av bueiningane. Inntektene frå bustadsal har gått direkte i potten for rehabilitering. Arbeidarpartiet meiner at dette arbeidet har gått seint, og at vi må gjere grep no for å auke standarden på husværa, både innvendig og utvendig. Det er også viktig at leilegheitene er prisa riktig, slik at også private ser det som interessant å investere i nye bueiningar i Høyanger. 

Høyanger kommune har ca. 80 leilegheiter til utleige i kommune. Halvparten av desse er øyremerkt dei som har vanskar med å komme seg inn i bustadmarknaden. Den andre halvparten skal leigast ut som gjennomgangsbustad til våre tilsette i ein tidsavgrensa periode, og til tilflyttarar. Når Rysjedal får det til å høyrest ut som om kommunen ikkje legg til rette for dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, veit alle at dette ikkje stemmer.

Hausten 2022 innførte kommunen eit nytt reglement for kor lenge ein kan bu i kommunale leilegheiter. Det er viktig for bustadmarknaden at dei som kan, kjøper sin eigen bustad. 

Fram til no har vore låge husleigesatsar på dei kommunale leilegheitene i Høyanger. Desse vert no auka når ein skriv nye leigekontraktar. Høyanger AP gjorde framlegg om at ei auke i leigeprisane også betyr auka fokus på oppgradering av dei same husværa, både innvendig og utvendig.  Alle som bur i kommunale husvære skal bu i einingar som har ein anstendig standard. Dette støtta kommunestyret. For å få auka standarden må ein kvar eigar vere villig til å tilføre naudsynte midlar - og ikkje minst sørge for målretta og god oppfølging av arbeidet. 

Høyanger står ovanfor ei spennande tid med svært god driv i lokalt næringsliv. HNU jobbar godt og dei komande åra ser vi føre oss investeringar på over 1 mrd. kr. i tettstaden. Fleire av desse kjente etableringane vil gi oss over 100 nye arbeidsplassar. Skal vi lukkast i å få rekruttert til desse spennande, grøne arbeidsplassane, må vi stå fram som eit attraktivt lokalsamfunn. Eit slikt samfunn tilbyr tilflyttarar bueiningar i ulik storleik, men med ein standard som er på 2023-nivå.    

Det er lite konstruktivt å sjå tilbake på NACO-tida og husbygginga på 50-talet, slik Rysjedal gjer i sitt innlegg. Kommunen skal ikkje bygge hus, men i tillegg til den kommunale oppgåva det er å legge til rette for bustadbygging, er det viktig å ta godt vare på den bygningsmassen vi har. Som kommune må vi også legge til rette for at private utbyggjarar ser potensiale i kommunen vår, og finn det interessant å vere med oss på reisa til det moderne, sirkulære og grøne Høyanger.

Kristin S. Råsberg
Leiar Høyanger AP

Petter Sortland
Ordførar Høyanger AP