Folk for fjella, Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, Nei til vindkraft i Gulen og Nei til vindkraft i Kvinnherad lurer på kor dei ulike partia står i vindkraft-saka i ei ytring i Ytre Sogn.

Kvar står partia i vindkraftsaka? Vi ber om svar


Neste kommune- og fylkestingsval nærmar seg, og vi ber om at dei politiske partia i Vestland gjer det klart kvar dei står i vindkraftsaka.

Vestland fylkeskommune har handsama vindkraftspørsmålet fleire gongar, seinast i september i år. I 2020 vedtok fylkestinget i ein uttale til dei lokale benkane på Stortinget og dåverande regjering at «Vestland fylkesting vil ikkje ha utbygging av vindkraft i urørt natur eller på bekostning av viktige verdiar knyta til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne/kulturmiljø og reiseliv, og som er i strid med med lokale kommunestyrevedtak.»

I august i år vedtok fylkesutvalet eit høyringssvar til forslag til endringar i fornybardirektivet, energieffektiviseringsdirektivet og bygningsenergidirektivet (Repower EU). Der står det blant anna «at nye vindkraftanlegg berre kan vurderast der kommunen sjølv speler inn aktuelle areal.»

Per september i år hadde 26 kommunar svart på spørsmålet til fylkeskommunen om dei ønskjer å leggje til rette for vindkraft. Fylkesordføraren har opplyst om at ingen av desse kommunane har gjort vedtak der dei legg til rette for vindkraft på land.

Dette må bety at fylkeskommunen, innvalde parti og partirepresentantar har ei klar og avvisande haldning mot utbygging av vindkraft på land i Vestland. Vi kunne trekt fram fleire moment som peikar i same retning.

Med bakgrunn i korleis vindkraftsaka har vore handsama i fylket, har underteikna organisasjonar saman sendt brev til samtlege politiske parti på fylkestinget i Vestland og bede dei svare på følgjande spørsmål:

  •  Vil partiet i programmet for 2023-2027 følgje opp og programfeste ei slik avvisande haldning mot vindkraft som har kome fram i vedtak og uttale frå fylkeskommunale organ?
  • Vil partiet sine listekandidatar, og representantar som blir innvalde, vere forplikta til ei slik programformulering?
Vi håpar at partia tek seg tid til å svare på dette og gjere det tydeleg ovanfor veljarane kvar dei står i saka.