Ytring frå leiar i Høyanger Senterparti, Jonas Haugsbø.

Kva med drivstoffprisane då, Vedum?


Det er spørsmålet som har gått igjen og igjen dei siste vekene. Men er det verkeleg så enkelt å gjere noko med drivstoffprisen som mange trur?

«Senterpartiet går ut av regjeringa om drivstoffprisen bikkar 20 kr/l» sto det på trykk i VG 13. mars 2021. Parlamentarisk nestleiar Marit Arnstad gav eit ultimatum til Arbeidarpartiet at noko regjeringssamarbeid kunne dei sjå langt etter om ei AVGIFTSAUKE på drivstoff fekk pumpeprisen til og gå over 20 kroner. Det er her mange har misforstått. Dei fleste har fått med seg Arnstad si lovnad, men dei har ikkje fått med seg innhaldet i lovnaden. Våren 2021 var det diskusjonar i stortinget om å innføre ei tredobling av CO2-avgifta på drivstoff og fleire parti stilte seg positive til dette. Det gjor ikkje Senterpartiet, som lova at med dei i regjering vert det inga avgiftsauke på drivstoff. Den lovnaden har vi halde. Regjeringa Solberg la fram statsbudsjettet for 2022 same dag som dei forlèt regjeringskontora. Den nye Sp-Ap-regjeringa tok då til med å gjere justeringar på dette. I budsjettet til Erna Solberg var det lagt opp til ei stor auke i drivstoffavgifta. Dette var uaktuelt for Senterpartiet, og vi kutta då avgiftene på drivstoff. Avgiftene vart redusert med 26 øre for diesel og 22 øre for bensin. 

Det internasjonale drivstoffmarknaden er i stor ubalanse. Skulda for dette kan vi gje til ein mann som truleg sit i ein bunkers under Kreml. Usikkerheit i markedet tvingar drivstoffprisane opp og dette er grunnen til den skyhøge prisauka verda over. Og det er difor, grunna høg råvarepris at drivstoffprisen er på det nivået vi no ser her i landet.

1,3 milliardar kroner i månaden er antyda kostnad for å redusere vegbruksavgifta med 4,5kr. 1,3 milliardar, det har den norske stat råd til tenkjer du. Og ja, det er ein liten sum i det store og heile. Problemet er konsekvensane av eit avgiftskutt. I april vart det avstemming i stortinget om å fjerne veg- og CO2-avgifta på drivstoff. Berre 12 stykk røysta for dette forslaget, resten røysta imot. Om staten skal gå inn og med midlar for å halde prisveksten uendra for innbyggjarane går vi fort på ein stor smell. Når knappheit av resursar er årsaka til prisveksten vil tilførsel av meir pengar berre auke prisveksten. Ein kan samanlikne det heile med eit bål – kastar ein meir ved på bålet brenn det lengre og kraftigare. Dette veit politikarane, og difor vart benkeforslaget frå FrP nedstemd. 

Styingsrenta er eit anna spøkelse som heng over oss. Renteauke er Noregs bank si moglegheit til å bremse prisveksten. Auka prisvekst = auka styringsrente. Her har gjerne vi nordmenn gløymt oss. Dei siste åra har renta vore historisk låg, og vi har lånt pengar som aldri før. No har Noregs bank varsla at styringsrenta truleg skal auke opp til 2,5% - tilbake til det som for berre få år sidan var ei normal rente. Noreg er på gjeldstoppen i Europa, både folk, kommunar og næringsliv har ufatteleg mykje gjeld. Ei større renteauke enn varsla vil difor vere betydeleg meir skadeleg for landet vårt enn det dei høge drivstoffprisane er. Alle vi som er født etter 1990 kan jo spørje foreldre og besteforeldre korleis renta var den gongen dei tok sitt første huslån, det var nok mange den gongen som låg vaken om nettene og lurte på korleis avdraga skulle betalast. 

Så kva er då svaret på overskrifta? Jo, det er krisetider. Samtidig går den norske økonomien betre enn på lang tid. Vi har lagt bak oss to år med pandemi som har kosta den norske stat store summar. Det har gått frå ei krise til ei ny. Vi må trø varsamt for innbyggjarane si skyld. Og opne pengesekken for å finansiere prisvekst råkar oss alle på den harde måten til slutt. I dag kan vi «kjøpe heile Sverige om vi vil», og det skal vi også kunne gjere i framtida. Difor kan vi ikkje ta ut meir pengar frå oljefondet enn høgst nødvendig. Oljefondet er i dag ei bærebjelke i heile det økonomiske systemet i Noreg, men om ein bærebjelke vert redusert skjønnar dei fleste kva som vil skje. Heldigvis har vi ein dyktig finansminister som kan sopass mykje om bærande konstruksjonar at han ikkje gjer drastiske tiltak. Ja, det kunne tent oss godt i morgon men det vil straffe oss hardt lengre inn i framtida. 

Jonas Haugsbø,
leiar i Høyanger Senterparti