Kulturprisen til Reidun Haugnes


– Reidun Haugnes har vore med å setje Høyanger på det nasjonale kunstkartet, sa ordførar Petter Sortland då han overrekte ho Høyanger kommune sin kulturpris for 2019.

Ho mottok prisen under kommunestyret si årlege juleavslutning på Øren Hotel no i ettermiddag.

– Reidun Haugnes har i ei årrekkje vore kommunen sin fremste pådrivar for kunstformidling, ikkje minst overfor born og unge, sa han då han overrekte prisen, som består av diplom, blomster og gåvesjekk på 10 000 kroner.

– Gjennom mange års arbeid i Høyanger Kunstlag har ho gjort innbyggjarane kjende med både lokale, regionale og nasjonalt kjende kunstnarar, og ulike kunstuttrykk, sa Sortland og nemnte blant anna den flotte skulpturutstillinga rundt om i Høyanger sentrum, i regi av Norsk billedhoggerforening.

Fleire av skulpturane vart også att, noko Haugnes var ein stor pådrivar for.

Han nemnte også fleire betydningsfulle kunstutstillingar som ho har gått i bresjen for, som «Birger Tusvik – det leikande menneske» og «Som piler i rommet» med verk av Gunnar S. Gundersen.

Sist – men ikkje minst – var Haugnes ein stor pådrivar for at kommunen no har fått på plass Gunnar S.Galleriet i Byporten, noko ho jobba målbevisst med i over 20 år.

– Med andre ord var ho ein nøkkelperson i arbeidet, og Reidun Haugnes har slik vore med å setje Høyanger på det nasjonale kunstkartet.