Bytorget i Høyanger vart gradvis fylt heilt opp med motorsyklar laurdag då Høyangbjørn MC arrangerte motorsykkelens dag.

Krom og krommare i Høyanger

Motorsykkelens dag gjorde comebak i Høyanger laurdag, og det med stor suksess.


Koronaen var framleis eit ukjent fenomen førre gong Høyangbjørn MC arrangerte motorsykkelens dag, men no – fem år etter sist tilsvarande arrangement – fant motorsykkelklubben heimehøyrande i Høyanger ut at det igjen var på tide å pusse kromen blank og sette kubikkane sine på utstilling.

– Det vart eit litt dårleg oppmøte sist vi arrangerte motorsykkelens dag, også frå våre eigne, noko som er bakgrunnen for at det har gått eit par år sidan sist, fortel klubbleiar Geir Egil Hellebust.

Kva som er årsaka til det litt redusert oppmøtet under tidlegare arrangement er Hellebust usikker på, men  vêret kan nok ha spelt ei viss rolle.

– Mai kan vere ein lunefull månad, og vi har hatt slike dagar der vi har køyrt i snø og sludd. Men i dag kan vi ikkje skulde på vêret, for sjølv om det er småkaldt her så er det fint, noko som viser igjen i det gode oppmøtet.

Entusiastane flokka seg raskt rundt for å sjå og spørje ut eigarane når syklar med særpreg trilla inn på bytorget.

2STA ved Høyanger vidaregåande skule stod for kafédrifta.

Ladar opp til jubileumstreff

Tanken bak arrangementet er å vise fram motorsyklar til nysgjerrige, og å samle sykkelmiljøet. 

– I dag er det vel omlag 60 syklar her, og folk kjem frå Høyanger og nabokommunane for å slå av ein prat og ta seg ein kaffikopp saman med andre sykkel­interesserte. Det er nok fleire med syklar her i Høyanger som gjerne kunne ha vore her, men det er kjekt å sjå at det er såpass mange som stiller opp, og at det er stor breidde i syklane som er her. Denne oppslutninga aukar lysta til å arrangere ein tilsvarande dag også seinare år.

Blankpolert krom og lekkert lakkarbeid. Det var mykje fint på to hjul å sjå under motorsykkelens dag i Høyanger.

Og sjølv om samlinga laurdag trakk mange motor­syklistar til Høyanger er den nok ingenting samanlikna med sykkelinvasjonen som er venta om ein månads tid.

– 14. til 16. juni vil vi ha det årlege sykkeltreffet vårt oppe i og utanfor klubbhuset, og sidan vi fyller 45 år i år kjem vi til å gjere litt ekstra ut av det. Vi har hatt fleire på besøk i det siste som har sagt at klubbane dei kjem frå har planar om å stille fulltalig opp, så den helga blir det nok tett med syklar her. Vi håpar og trur at det at vi samlar sykkelmiljøet i regionen også vil gje eit positivt utslag for handels- og servicebransjen lokalt.  

Motorsyklar av alle typar frå nær og fjern møtte med eigarane sine på bytorget. Her kunne ein sjå både nye, gamle, tunge og lette syklar frå Japan, England og USA.