Koronaen var framleis eit ukjent fenomen førre gong Høyangbjørn MC arrangerte motorsykkelens dag, men no – fem år etter sist tilsvarande arrangement – fant motorsykkelklubben heimehøyrande i Høyanger ut at det igjen var på tide å pusse kromen blank og sette kubikkane sine på utstilling.
– Det vart eit litt dårleg oppmøte sist vi arrangerte motorsykkelens dag, også frå våre eigne, noko som er bakgrunnen for at det har gått eit par år sidan sist, fortel klubbleiar Geir Egil Hellebust. Kva som er årsaka til det litt redusert oppmøtet under tidlegare arrangement er Hellebust usikker på, men vêret kan nok ha spelt ei viss rolle. – Mai kan vere ein lunefull månad, og vi har hatt slike dagar der vi har køyrt i snø og sludd. Men i dag kan vi ikkje skulde på vêret, for sjølv om det er småkaldt her så er det fint, noko som viser igjen i det gode oppmøtet.

Ladar opp til jubileumstreff
Tanken bak arrangementet er å vise fram motorsyklar til nysgjerrige, og å samle sykkelmiljøet. – I dag er det vel omlag 60 syklar her, og folk kjem frå Høyanger og nabokommunane for å slå av ein prat og ta seg ein kaffikopp saman med andre sykkelinteresserte. Det er nok fleire med syklar her i Høyanger som gjerne kunne ha vore her, men det er kjekt å sjå at det er såpass mange som stiller opp, og at det er stor breidde i syklane som er her. Denne oppslutninga aukar lysta til å arrangere ein tilsvarande dag også seinare år.



