Kristine beheld roen i koronastormen


- Når media blir så einsidig fokusert på tal smitta og døde, så tenkjer eg på kor mange som ikkje er døde og som har blitt friske, seier Kristine Brix Longfellow.

Som smittevernsleiar i Høyanger kommune er ho oppteken av å behalde roen, midt i pandemien vi no står oppi.



Det regnar denne dagen, det regnar tett og vatnet renn i bølgjer nedover vindaugsruta slik at verda utanfor ser ut som eit kunstverk av Antoni Gaudi. Det er like forvrengt som tida vi er inne i. Presis klokka 11 kjem Kristine Brix Longfellow inn dørene til redaksjonen i Ytre Sogn og rommet vert med ein gong lyst opp av eit blendande smil. Desinfeksjonsmiddel og handsprit står strategisk plassert rundt i lokalet, ei påminning om at vi ikkje kan handhelse. 

Som kommuneoverlege og smittevernsleiar i Høyanger kommune har ho eit stort ansvar midt i koronapandemien. 



- Korleis har tida vore for deg etter at dei første alarmerande meldingane kom?



- Surrealistisk, uverkeleg, svarar ho.



- Dette er noko som påverkar alle sine liv og det er mange som er redde for både eigne liv og livet til sine næraste. Vi har ikkje opplevd dette før, så eg prøver å bevare roen for å kunne gjere ein best mogeleg jobb. Når media blir så einsidig fokusert på tal smitta og døde, så tenkjer eg på kor mange som ikkje er døde og som har blitt friske. Men det gjorde vondt i mammahjartet då yngste dotter mi sa: «Skal du jobbe med folk som er sjuke av korona? Kommer du til å dø då, mamma?, seier Kristine, som kom København til Høyanger og vart fastlege i 2006 og vart formelt tilsett som kommuneoverlege i 2012. 



I 2017 fekk ho eit to-årig vikariat som fagdirektør ved Helse Førde. Etterpå jobba ho eit år som LIS-lege på psykiatrisk avdeling som del av vidareutdanninga i allmenn medisin. 6. januar 2020 kom ho attende til Høyanger.

Strenge nok tiltak


På spørsmål om korleis samarbeidet i helsesektoren har vore fram til no svarar ho fenomenalt bra.



- Alle jobbar hardt og er løysingsorienterte. Ordspråket «Nød lærer naken kvinne å spinne» viser seg å ha stor tyding i desse dagar. Når ein pandemi skulle skje i vår tid, er eg glad eg har teke spesialisering i samfunnsmedisin og har erfaring med smittevern i perioden eg jobba på Sentralsjukehuset i Førde. No kjem det til nytte, sjølv om eg skulle ønskje koronaviruset aldri hadde oppstått.



Naturleg nok handlar mykje av samtalen om pandemien vi er oppe i. Temaet er infiltrert i kvardagen vår, både på jobb og fritid, og vi er pålagde å halde oss mest mogeleg heime. Samstundes får vi heile verda inn gjennom fjernsyn, radio og media for øvrig, der eit svært dystert bilete vert teikna av smitteutviklinga. Det vert då naturleg å stille spørsmål om Norge har hatt strenge nok tiltak. Og kva med Danmark, der ho kjem frå, er vi like flinke som dei?


-Ja, eigentleg synest eg det, sjølv om noko kunne vore gjort strengare her. Dei to landa er veldig ulike geografisk. I Danmark kjem ein lettare i kontakt med kvarandre, så Danmark har hatt nokre strengare reglar. Norge ligg eitt døgn etter, men følgjer fint med.


Heime med born

Midt oppi det heile er ho også mor. ei rolle ho ikkje får vere i så mykje denne våren. Korleis oppfattar ho situasjonen på heimebane? 



- Eg har stor respekt for foreldre som må vere heime med born. I tillegg til at dei skal undervise eigne born, har dei gjerne heimekontor og skal halde hus og heim i orden. Min eigen mann er i ein slik situasjon, der han tek seg av våre felles born samtidig som han gjennomfører nettundervisning for elevane i vidaregåande skule. Borna heime får heller ikkje den naturlege pausen i samveret med kvarandre som dei har i ein normal kvardag. No er dei veldig tett på kvarandre heile tida og det kan lett oppstå krangel og konflikt. Den første veka var som ein ekstra ferie, men no etter to og tre veker har eg fått høyre: «Vi saknar skulen». Tenk at eg skulle få høyre det, ler Kristine. 



Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!