Sogn og Fjordane Senterungdom er optimistar til folkerøysting om gjenoppretting av Sogn og Fjordane fylkeskommunen etter stortingsvalet.

Krev folkerøysting om gjenoppretting av Sogn og Fjordane fylke

– Vestland fylke har ikkje gjeve innbyggjarane betre og nærare tenester.


Det meiner Sogn og Fjordane Senterungdom, og krev no folkeavrøysting om gjenoppretting av Sogn og Fjordane fylke.

Det er klart etter medlemssamlinga  på Kaupanger no i helga. 

Staten har ikkje overført nye oppgåver, og ungdomspartiet greier ikkje sjå korleis dei fylkeskommunale oppgåvene vert løyst betre i Vestland enn dei vart i Sogn og Fjordane fylke. Tvert om meiner dei at nærare tenester og god lokalkunnskap gjer fylkeskommunen mykje betre rusta til å handtere dei utfordringar, moglegheiter og potensiale som ligg i fylkeskommunal forvaltning.

– Det er ei naturlov at kjøtvekta bestemmer. Kjøtvekta ligg i Bergen og det vil me sjå tydlegare i tida som kjem. Til dømes på prioriteringa av rasmidlar i RTP, der ein vil prioritere utifrå folketal, seier organisatorisk nestleiar Steffen Fjellestad.

Folkeavrøysting
1. januar 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland fylke.

Denne samanslåinga var ikkje forankra i verken folkerøysting eller folkeviljen til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Samanslåingsvedtaket til Sogn og Fjordane fylkesting blei fatta på hittil ikkje-innfridde premiss. Det blei lagt til grunn at stortingsfleirtalet skulle innfri eigne løfter om ei reell regionreform og reell oppgåveoverføring. Dette har ikkje skjedd. Det meiner Sogn og Fjordane Senterungdom er heilt feil, og reversering skal vurderast på nytt etter ei folkerøysting.

– Vi har sterke forventingar til regjeringsforhandlingane, slik at innbyggjarane i Sogn og Fjordane, til liks med dei i Troms og Finnmark, og Viken får seie si meining om framtida til fylke deira, seier fylkesleiar Sander Solheim. 

Sukesessoppskrift
Sjølv om fylkeskommunar er slått saman, er det framleis dei gamle fylkesgrensene som gjeld som valdistrikt. Dette viser at Sogn og Fjordane framleis er viktig som geografisk område, og har ein funksjon som Vestland ikkje kan løyse betre, påpeikar ungdomspartiet. Dette gjeld ikkje berre Sogn og Fjordane som valdistrikt, men Sogn og Fjordane greidde utmerka godt å løyse fylkeskommunale oppgåver før samanslåinga. Drifta av vidaregåande skular viste gode resultat og lite fråfall er eit godt døme på suksessoppskrifta Sogn og Fjordane fylke var, og vil vere etter ei gjenoppretting.

– Samanslåinga var vedteke med ei rekke forventingar til nye oppgåver. Om Troms og Finnmark, og Viken no vert reversert, og Vestland framleis vil bestå vil Sogn og Fjordane stå at som eit monument for ei havarert regionreform, seier Solheim og viser til at det tidlegare i år har vore målingar på store fleirtal for reversering.

– No er tida inne for at dette vert gjort gjennom ei folkerøysting!

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.