Vinnaren Amalie Kleppe Holgersen i klassen Junior. (Alle foto: Privat)

150 skyttarar med på Vintertreffen

Vintertreffen er eit skyttarstemne som skyttarlaga Fjordane, Balestrand og Nesse arrangerer i fellesskap. Det vert skote på tre forskjellige baner, der det er både enkeltvis premiering samt samanlagtpremiering.


Totalt var det omlag 150 skyttarar med, der dei fleste deltok på alle tre stemna. Det vart prestert mange gode resultat, og det var svært jamnt i toppen i den store Meisterskapsklassen EJ/3-5. Vinnaren vart kåra i det siste laget hjå Fjordane, da Jan Roger Hoff, Viksdalen, vann med 1022 poeng og 37 innertiarar. Berre 5 innertiarar framfor Per Johan Brekke, Bjordal/Søreide, som da enda på 1022 poeng med 32 innertiarar. På plassane bak vart det også svært jamnt med 1021 poeng på både Odd Arne Langedal, Førde og Kjersti Fagerlund, Lærdal.

Gulla Langedal Sortland frå Førde presterte også svært godt i klasse ER, med maksimal poengsum. 350 poeng både hjå Fjordane og Balestrand, og 348 hjå Nesse.

Leiar Svein Bjarnar Nesse i Fjordane Skyttarlag er godt nøgd med gjennomføringa av årets utgåve av Vintertreffen.

– Det som gleda oss som arrangørar mest er at den største klassen på heile arrangementet var NU, som er nybegynnarklassen for ungane. Her var det heile 32 deltakarar med, og 21 av desse tok runden rundt på alle banene. Dette lovar godt for skyttarsporten framover!

Anne Lise Tepstad Kvingedal vinnaren i klasse Skytterklasse 1.

Bengt Næss vinnaren i klasse V65.

Gulla Langedal Sortland vinnar i klasse Eldre Rekrutt 14-15 år.

Ida Indrebø vinnaren av Klasse 1.

Jan Roger Hoff vinnaren av klasse 3-5 og EJ