Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger.
YTRINGAR

Krafteksport til fattigdom?


Vanskelegare for dei med dårlegast råd, ein trussel mot arbeidsplassar og dårlegare kommuneøkonomi.  Det vil bli nokre av resultata dersom ikkje energipolitikken blir lagt om.

I valkampen var det «vanlige folks tur».  No, etter valet, med ny regjering, er det kraftselskapa sin tur.  Selskapa oppfører seg ikkje som samfunnet sine tenarar, men som reine kapitalistiske føretak.  Trass i at mest alle er offentleg eigde, er det eigne resultat og eigne leiar- og direktørløner som tel.

Hovudårsaka til at dette går skeis, at politikarane ikkje vil styre bedrifter – ikkje ein gong dei offentleg eigde bedriftene som f. eks. kraftselskapa.  Etterapinga av USA har teke over, i staden for den tidlegare sosialdemokratiske filosofien.  «What’s good for Ford is good for America», heitte det i USA.  No har dette blitt den katastrofale regelen; det som er godt for kraftselskapa, er godt for landet.  Men, som alle (?) no ser; slik er det ikkje.

Høgrepolitikarane i ulike parti, har energilova frå 1990 og EØS-avtalen frå 1994 som sjølvprodusert skalkeskjul for ikkje å gripe inn.  Eit hovudproblem med lova, er at norsk kraft ikkje lenger skulle sjåast som ein del av infrastrukturen i samfunnet, som f. eks. vassforsyning og vegnett, men som ei vare som skal seljast på ein marknad til høgast mogleg pris.  Neste steg er at kontinentet med sine kraftprisar og EU-/EØS-reglane om fri flyt av også energi, har ført til at det har blitt pressa fram langt fleire kablar til utlandet enn nødvendig og ønskjeleg.  

Kabelforbindelsar til utlandet er nødvendige for kraftutveksling.  Det har ikkje vore noko problem.  Problemet oppstår når nettoeksporten går over alle tidlegare grenser, og når kablane mesteparten av tida eksporterer kraft og importerer høgare straumprisar.  Det har så langt vore størst problem sør og aust for oss.

Denne uregulerte krafteksporten, transport over lengre avstandar, fører også til linjetap som inneber energisløsing.  Importen av utanlandsk kraft når norske kraftselskap og Statnett har tappa ned vasskraft-bassenga fører ikkje berre til høgare prisar, men også til import av atomkraft og av ikkje-fornybar kraft frå kol.  Er det ønskjeleg?

Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er førebels litt skjerma. Linjekapasiteten til ein meir uregulert handel med kraft, er eit hinder for fri flyt hit.  Derfor ligg Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord i eit område med lågare pris enn fylka i sør og aust.  

Men dette er ei forbigåande glede.  Statnett har fått løyve til å byggje ei forsterka kraftlinje over Sognefjorden – frå Aurland til Sogndal/Fardal.  Den vil føre til at dei høgare straumprisane vil få ein motorveg nordover.  Frå Sogndal/Fardal er motorvegen allereie opna (420 kV-linja til Ørskog).  Den går vestover mot Høyanger, nordover mot Moskog, vidare mot Svelgen osv.  Er det nokon som trur at vi som straumabonnentar, arbeidsplassane og kommunane vil bli upåverka?

 

 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.