Kraft til arbeid og industri­utvikling


Hydro har store ambisjonar for grøn industriutvikling i Høyanger. Nok kraft til konkurransedyktige prisar er livsnerven for industrien vår. 

Før jul lanserte Hydro og Eviny «Snøheia industrikraft» - vårt forslag om å bygge ut 1 TWh ny vindkraft for å sikre kraft til industriutvikling i Høyanger og Sunnfjord. Som venta har planane skapt debatt. I Høyanger er det få som treng å overtydast om at kraft og industri heng saman, og at sjølve føresetnaden for industriutvikling er tilgang på nok fornybar kraft. Likevel spør fleire: Treng Hydro verkeleg vindkraft? Har vi ikkje nok kraft frå før? Og kan ikkje andre alternativ gjere same nytten? Dette er fornuftige spørsmål, og vi vil gjerne svare. 

La dette vere sagt tydeleg først: Snøheia industrikraft er eit svært viktig prosjekt for Hydro. Å sikre tilgang til nok kraft til konkurransedyktige prisar er kanskje den største utfordringa Hydro i Noreg står ovanføre på 2020-talet. Snøheia industrikraft vil bidra monaleg til Hydros behov, og vere med å mogleggjere vidare investeringar i industrien vår. 

Behovet for meir kraft er reelt. I over 100 år har Noreg hatt eit strukturelt kraftoverskot – over tid har vi som land produsert meir kraft enn vi har brukt. Overskotet har sikra konkurransedyktige prisar for industrien. No er dette kraftoverskotet i ferd med å forvitre. Allereie i 2027 kan Noreg ha underskot på kraft. Det seier Statnett, og ei rekkje uavhengige fagmiljø. Årsaka er enkel: Vi brukar stadig meir elektrisk kraft i transportsektoren og industrien. Produksjonen ser ikkje ut til å halde følgje med forbruket. Forsvinn kraftoverskotet, forsvinn dei konkurransedyktige prisane. For industrien er det alvor. 

Hydro brukar årleg over 17 TWh kraft i Noreg. Grovt sagt produserer vi halvparten sjølve, resten kjøper vi på lange kontrakter til fast pris. Halvparten av krafta vi kjøper, 25 % av det samla kraftforbruket vårt, er vindkraft. Krafta frå vindressursane er allereie eit fundament for industriutvikling i Hydro. I framtida blir vindkraft viktigare. 

Lange kontraktar har sikra kraftforsyninga vår gjennom den verste energikrisa i Europa sidan 1970-talet. Halvparten av aluminiumsproduksjonen i EU er stengt som følgje av høge kraftprisar. Det syner verdien av å tenkje langsiktig om kraft. 

Men òg langvarige kontraktar har ein sluttdato. Fleire av Hydros lange kontraktar går ut i 2030. Til saman har vi behov for å sikre om lag 4 TWh ny kraft 2030 for å halde oppe produksjonen vi har i dag. Skal vi gjennomføre teknologivegkartet vårt med karbonfangst, den nye utsleppsfrie elektrolyseteknologien HalZero og erstatte gass med grønt hydrogen, treng vi ytterlegare kraft. Og vi må lukkast med ny teknologiutvikling: Kundane krev at vi tar bort stadig meir karbon frå våre prosessar, og at vi leverer meir metall med nær null karboninnhald. Her går Høyanger føre, med resirkuleringspiloten og ein mogleg hydrogenpilot. 

Krafta må vere konkurransedyktig prisa. Difor har vi vore tydelege på at Noreg treng meir vindkraft. Vindkraft er allereie industrikraft. Fordi vindkraft er den klårt rimelegaste kraftforma å bygge ut i Noreg, kan vindkraftverk levere store volum kraft til ein konkurransedyktig pris for industrien. Det har blitt hevda at vindkraft er subsidiert. Det var sant for nokre år sidan, det stemmer ikkje lengre. Teknologiutviklinga har kraftig redusert kostnaden ved å bygge ut vindkraft. I dag er vindkraft rimelegare enn alle fossile kraftalternativ, og også rimelegare enn å bygge ut ny vasskraft. 

Hydro kan kombinere vind og vasskraft slik at vi får stabil krafttilgang, til ein pris som er lågare enn om vi kjøper vasskraft åleine. Dette er viktig: Hydro treng ikkje berre store kraftvolum i 2030, vi treng kraft som har ein konkurransedyktig pris. Det hjelp ikkje at krafta er «tilgjengeleg», det må òg vere mogleg å kjøpe til ein pris industrien kan betale.

Oppgradering av vasskraft og havvind er viktig men ikkje nok. Hydro jobbar både med å oppgradere vasskraft, og å utvikle havvind og solkraft. Men oppgradering av vasskrafta gjev mest ny effekt – altså evna til å produsere mykje kraft på ein gang når alle skal lade elbilen – og lite nye kraftvolum. Til dømes: Eitt av dei største oppgraderingsprosjekta som har blitt vurdert i Noreg er Lyse Kraft DA – der Hydro er medeigar – sine planar for oppgradering i Røldal-Suldal. Prosjektet er estimert å koste 5 milliardar kroner, og gje 250 GWh ny kraft. Snøheia industrikraft har ein venta investeringskost på 3-4 milliardar og vil gje 1 TWh ny kraft. Fire gangar meir kraft, til ein vesentleg lågare investeringskost. 

Havvind blir forhåpentlegvis ein «gamechanger» for det norske kraftsystemet, men det er fram i tid. Framleis er kostnaden ved havvind for høg for industrien. Å bygge botnfast havvind – den rimelegaste varianten – kostar det doble av vindkraft på land. Vi skal gjere det vi kan for å få utvikle havvind raskt og rimeleg, men det er eit godt stykke fram før havvind kan levere kraft til konkurransedyktige prisar for industrien. 

Somme har trekt fram atomkraft som ei løysning. Uavhengig av kva ein meiner om denne kraftformen, er det etter vårt syn ei avsporing frå arbeidet med å sikre kraft fram innan 2030. Dei siste atomkraftverka som er bygd har hatt ei utviklingstid på 15-20 år – og då er ikkje konsesjonsprosessen medrekna. Prisen på atomkraft er òg for høg for å vere konkurransedyktig for industrien. 

Konkurransedyktig kraft er livsnerven for industrien. På kort og mellomlang sikt har vi difor ikkje gode alternativ til å utvikle vindkraft – dersom vi skal sikre konkurransedyktig kraft til industrien. På 2030 og 2040-talet kan havvind endre biletet, og i det verkeleg lange løp kan teknologiar som i dag ikkje er aktuelle bli modna fram. Men Hydro kan ikkje vente på det - eller ta sjansen på at det «dukkar opp» ei løysning. Våre kraftkontraktar går ut i 2030. Vi har eit ansvar for våre tilsette, kundane våre og samfunna vi er del av. Fornybar kraft til konkurransedyktige prisar er livsnerven for industrien vår. For å sikre denne nerven for framtida, gjer vi det vi alltid har gjort: Vi tek initiativ til å sjølve utvikle den krafta vi skal bruke. 

Difor ønskjer vi å utvikle Snøheia industrikraft, saman med to offentleg eigde kraftselskap. Prosjektet vil gje monalege ringverknader i seg sjølv. Men for Hydro er det viktigaste målet å sikre meir kraft til industrien. Hydro kjem til å vere den store kunden til Snøheia industrikraft; vi skal teikne ein langsiktig kraftavtale på store delar av kraftvolumet frå vindkraftverket. Vi ønskjer òg å legge til rette for at annan industri kan kjøpe kraft frå dette verket. 

Kommunane er i førarsetet. Heile føremålet med å utvikle vindkraft i Snøheia er å bidra til industriutvikling i denne regionen. Når føremålet er lokal utvikling, må òg prosessen vere forankra lokalt. Vår melding er klar: Anten vi skal bygge industri, eller krafta industrien treng, må vi ha støtte frå lokalsamfunn og lokaldemokratiet. Det gjeld òg i denne saka. 

Verken Hydro eller andre har rett til å krevje at våre interesser skal vege tyngst i lokale politiske prosessar. Ikkje i Høyanger, og heller ikkje i Sunnfjord. Men det vi kan og vil gjere, er å forklare kvifor industrien har behov for meir kraft, og kvifor det er vindkraft vi ønskjer å utvikle. Og å understreke: Dette er alvor. Vil vi ha industri, må vi også ville ha kraft. 

Ola Sæter, leiar for Hydros metallverk