Konsekvensutgreiing –⁠ Vindkraftbransjen sitt forsøk på å sikre fotfeste


Vindkraftbransjen sitt mål om å få sprenge sund og planere ut Snøheia og Høyangerfjella til det ugjenkjennelege, har naturleg nok møtt veggen gjentekne gonger. Dette fjellandskapet har vore på radaren deira sidan NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land vart lagt ut på høyring i 2019. Etter om lag 5000 godt grunngjeve høyringsinnspel mot forslaget og vindkraftanlegg, vart det skrota. Men vindkraftbransjen jobbar på som om forslaget er gjeldande. Dei har planlagt grundig kva som skal til for å få si ønska vindkraftutbygging gjennom hindringane. No forsøker dei å framstå som lokale. Osvoll og Co initierte rett før julafta 2022 eit planlagt åtak, i forsøk på å få eit fotfeste. Det gjeld på Snøheia og fjella rundt, og er opplyst til å omfatte om lag 50 vindturbinar innanfor eit areal på 22 kvadratkilometer. Med verst tenkeleg utfall, kan dette bli starten på ei storstilt vindkraft-bonanza i fylket. Samarbeidspartnaren Zephyr, som blant anna har Haramsøya på samvitet, held strategisk låg profil. Fred. Olsen Renevables er klare til å følgje opp med å ta resten av Høyangerfjella. 

Sjølv om vindkraftbransjen gjekk hardt ut med dette koordinerte åtaket, har det folkelege engasjementet gitt dei sterk motbør som dei ikkje har klart å overvinne. Fleirtalet er i mot vindkraftanlegg. Kommunestyrevedtaka er gjeldande, og fleirtalet av grunneigarane seier nei til vindkraftanlegg på Snøheia og fjella rundt. Vindkraftbransjen kjem seg difor ikkje vidare. Deira sjølverklærte kunnskaps- og faktabaserte tilnærming, har så langt vore lik tidlegare oppførsel, som inneber blant anna:

·       Strategisk nedsnakking av eit fjellandskap dei ikkje har kjennskap til. 

·       Hevde at utbygging av vindkraftanlegg vil føre til lågare straumpris.

·       Forsøke å få oss til å tru at vindkraftanlegg i norsk natur er bra for klimaet

·       Bagatellisere og avfeie problematikken med vindkraftanlegg, men seier likevel at det må konsekvensutgreiast for å finne ut om vindkraftanlegg vil føre til negative verknadar.

·       Halde informasjon skjult.

Det har vist seg at fakta og konsekvensar som vi har sett ved utbygging som har skjedd andre stadar, gjer det vanskelegare for vindkraftbransjen å få det fotfestet dei vil ha. 

Kunnskapsgrunnlaget aukar og ny teknologi vert utvikla. Slik status er no, så renn tida ut for vindkraftbransjen. For å sikre fotfeste, forsøker dei å få kommunane til å samtykke til konsesjonshandsaming. Dei seier så fint at det er for å innhente faktagrunnlag for å kunne fatte riktig avgjerd. «Superdemokratiske prosessar» kallar dei det. Men dei unnlet å opplyse at dersom kommunane samtykker til ei slik innmelding, så er det NVE som er mynde i prosessen om konsesjonshandsaminga. Kommunane er i den samanheng redusert til ein høyringspart. Erfaringar frå andre stader, viser at det har blitt til disfavør for råka kommunar. Fellesforumet For folk og fjell i Årdal har laga ei god forklaring på konsekvensane med å la vindkraftbransjen starte konsekvensutgreiing

I ein områderegulering etter plan- og bygningslova, der kommunar vil ha mynde, vil det ikkje kunne bli gjort grundige nok undersøkingar/avklaringar til å fastsette vesentlege detaljar. Det gjeld til dømes turbinplasseringar, turbinstorleik, veg og masseuttak. Slikt vert endeleg avklara når det vil vere for seint å stanse prosessen. I følgje tidlegare utspel frå Johnny Hansen i Zephyr, er det naturleg at utbyggjarar tek i bruk den mest optimale teknologien på turbinar og rotorblad til eikvar tid -  med andre ord det som vil gjere størst inngrep. Men så er det heller ikkje mogleg å få til ei skånsam vindkraftutbygging i ein slik topografi vi har. 

Det er også nødvendig å få fram at Birdlife avdeling Sogn og Fjordane har kartlagt fuglebestanden på Snøheia og Høyangerfjella. Funna dei gjorde var unike

·       Det vart registrert 32 forskjellige artar. 

·       9 ansvarsartar som Noreg har eit spesielt ansvar for å ta vare på. 

·       5 raudlista artar, som står i fare for å bli utrydda eller vil forsvinne frå områda.

To av desse artane, er ansvarsarten fjellrypa og den raudlista jaktfalken, som ifølgje Birdlife gjer til at området bør sjåast som spesielt verdifull. Det er elles verdt å lese kva landets fremste ekspertar på fugl skriv om vindkraftanlegg her i landet. Avsporinga med katt versus fugl kan ikkje nyttast.

Folk flest har innsett kor øydeleggjande vindkraftanlegg er for natur og råka stader, så dette er eit tema som bør leggjast. Det gjeld å ikkje la seg lure av fagre ord og lovnadar, for så å kome i tilsvarande situasjon som Florø – som vart overstyrd av den superdemokratiske prosessen. 

Ove Hatlestad Solås