Konsekvensutgreiing er ei vill-leiing


Kunnskap er viktig for alle. Då også kunnskap om kva ein seier ja eller nei til når vindkraftselskap ber kommunen om samtykke til å starte ei konsekvensutgreiing av vindkraft.

Konsekvensutgreiing er noko som føregår parallelt med områderegulering og konsesjonssøknad – sjå Kommunal- og distriksdepartementet og Energidepartementet sitt dokument «Planlegging og konsesjonsbehandling av vindkraftanlegg på land» (tilgjengeleg på www.regjeringen.no. Flytskjemaet på side 9 i dokumentet kan neppe tolkast annleis). Eit ja til konsekvensutgreiing er utifrå dette eit ja til å starte områderegulering og konsesjonssøknad. Flytskjemaet viser også at ein då har hoppa galant over to av sjansane kommunane har til å avvise vindkraftplanar.

Eit ja til konsekvensutgreiing er dermed eit ja til å starte områderegulering av eit areal som i kommunane sin arealplan ligg inne som LNF område.

For Sunnfjord kommune sin del har denne arealplanen vore på høyring og til behandling i lang tid, og vart vedtatt i juni 2024. Vindkraftplanane har vore kjent i heile denne rulleringsperioden, utan at vindkraftselskapa på demokratisk måte har spelt noko inn til kommunen slik andre vanlege tiltakshavarar, folk eller organisasjonar, har gjort. For Høyanger kommune sin del har det heller ikkje kome inn høyringsinnspel frå vindkraftselskapa.

No vil Snøheia Vindkraft og Fred. Olsen Renewables ha kommunestyrerepresentantane med på ei kjapp behandling av eit ja eller nei til områderegulering og konsesjonsbehandling av tidenes største naturinngrep i desse kommunane. Den demokratiske vedtatte bruken av 50-100 km2 natur skal omgjerast på eitt enkelt møte i kommunane.

Kunnskap er viktig ja. Og først av alt treng kommunane kunnskap om kva dei er med på om dei vedtek å seie ja til konsekvensutgreiing.

Ingunn Kjelstad
Leiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn