Konsekvensutgreiing er ja til kunnskap


Hydro ber Høyanger og Sunnfjord kommune om å opne for ei konsekvens-utgreiing av Snøheia Industrikraft. Bakgrunnen er ønsket om å sikre at det minste verket i Hydro-systemet òg skal vere i stand produserer aluminium i framtida. Ei slik kunnskapsinnhenting bør kommunane seie ja til. Det både av omsyn til det generelle behovet for meir fornybar kraft, Sogn og Fjordane si rolle som fornybar energi-område, og Hydro sine interesser.

Norge styrer mot eit stort kraftunderskot, og dermed permant høge kraftprisar. Berre fram til 2030 meiner Miljødirektoratet at vi treng 34 TWh ny fornybar kraft skal vi nå klimamåla. Det er ei auke på over 20% av dagens produksjon. Skal vi greie å omstille industrien og næringslivet vårt til det grøne skiftet, sikre og skape nye arbeidsplassar og verdiar, treng vi meir. Mykje meir. 

På kort tid er det oppgradering av vasskraftverk, småkraft, vindkraft på land, solenergi og energieffektivisering som kan bidra til å styrke den norske kraftbalansen. Utbygging av kraft må gjerast skånsamt, med lokal aksept, og på måte som både tar i vare viktige naturverdiar og internasjonale plikter som Naturavtalen av 2022.

Skal vi få meir og nødvendig fornybar kraft må vi sikre at vertskommunar som vil legge til rette for slik kraftproduksjon, får ein rimeleg del av verdiskapinga. Vi må i tillegg få på plass særskilt gode incentivordringar for dei kommunane som bidrar til å oppnå kraftmålet og -ambisjonen innan 2030.

I Sogn og Fjordane har vi vore heldige. Vasskrafta har bygd samfunn, og står kvart år for stor aktivitet og verdiskaping. Ja, faktisk er det slik at 11 av dei 30 selskapa som betaler mest skatt hos oss er kraftselskap. 

Som stort fornybar energi-område spelar Sogn og Fjordane ei viktig rolle i det grøne skiftet, samtidig som vi har potensiale til ytterlegare utbygging av grøn energi, både når det gjeld vasskraft og vindkraft på land. Det er ein posisjon vi bør styrke, på same tid som det vil legge til rette for vekst og utvikling av lokalsamfunn, næringsliv, arbeidsplassar, lokal aktivitet og verdiskaping. 

Eit døme på alt dette er nettopp Høyanger. Hydro har ei heilt spesiell positiv industrihistorie i Høyanger, og selskapet sine ambisjonar for grøn industriutvikling industribygda bør òg vere kjente. At Hydro har investert over ein milliard i Høyanger dei siste åra, taler òg for eit selskap som tar samfunnsansvar.

Når Hydro nå peikar på at bortfall av langsiktige kraftkontraktar i 2030 kan bli svært utfordrande for selskapet, tar eg det på alvor. Det same gjeld når Hydro meiner at Snøheia Industrikraft kan vere ein del av løysinga på utfordringa, ved at det kan sikre selskapet lange kraftkontraktar til konkurransedyktige prisar.

At eg tar Hydro sine intensjonar og utspel på alvor, vil ikkje seie at eg meiner det skal overstyre alt. Hydro sin industriaktivitet, arbeidsplassar, aktivitet, verdiskapinga og ulike type bidrag til kommunar og lokalsamfunn må sjølvsagt vektast mot andre viktige omsyn, slik som naturinngrep, artmangfall og andre miljø-, frilufts- eller næringsinteresser som kan gå på tvers av desse.

Men det generelle behovet for meir fornybar energi og Hydro sine uttalte interesser knytt til Snøheia industripark er likevel så store, at det krev å bli vurdert på ein skikkeleg og fagleg god måte. Saka er så viktig og reiser så mange viktige samfunnsspørsmål, at kommunane derfor bør opne for ei konsekvensutgreiing. 

Som kjent har Høyanger og Sunnfjord kommune siste ord i saka  – etter at konsekvensutgreiinga er gjennomført. Først då meiner eg kommunane vil vere i stand til å ta stilling til arealet skal settast av til vindkraftformål. Først då kan kommunen sei ja eller nei – basert på grundige analysar av kva positive og negative konsekvensar industrikraftprosjektet vil få.  

Saker om vindkraft reiser store, viktige og vanskelege spørsmål, og eg forstår godt at det òg vekker sterke kjensler og påkallar sterke meiningar. Ei slik sak kan gi òg lokalsamfunn store utfordringar, og sette djupe spor etter seg. Eg meiner den beste måten å handtere slike saker på er gjennom ein god og open prosess, der det blir skaffa fram eit best mogeleg faktagrunnlag for debatten. Det vil kunne ta bort uriktige oppfatningar, skape betre forståing for dei ulike synspunkta, betre diskusjonsklimaet, og ikkje minst auke sjansane for eit korrekt endeleg vedtak.

Olve Grotle
Stortingsrepresentant Høgre, Sogn og Fjordane