(Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff)

Kongeparet kjem til Hyllestad

Kong Harald og Dronning Sonja kjem om ikkje lenge på besøk til Sogn.


Dei kjem til Flåm tysdag 15. juni, Hyllestad onsdag 16. juni og Florø torsdag 17.  juni. 

– Kongeparet ønskjer å lære meir om korleis lokalsamfunna har handtert den pågåande pandemien og kva erfaringar dei har gjort seg, går det fram av ei pressemelding frå Statsforvaltaren i Vestland.

Kongeparet skal nytte Kongeskipet «Norge» under reisa.

Blir vertskap 
Det er ordførarane i dei tre kommunane som er vertar for besøket, og i Hyllestad er det Kjell Eide.

– Det må jo bli kjekt, det, seier han  på spørsmål om korleis det blir å ta imot kongeparet.

Men det er ikkje første gong dei er på besøk i Hyllestad, og difor heller ikkje første gong han møter dei, kan han fortelje.

– Nei, dei var her i 2002, i samband med opninga av Kvernsteinsparken i Hyllestad Det stod Dronning Sonja for, medan Kong Harald etterpå la ned krans ved minnestøtta over dei falne i 2. verdskrig, også det i Hyllestad.

På sistnemnde hending var Eide med og tok i mot Kongen.

– Så eg har fått gleda av å helse på dei før, ja, seier han.til Ytre Sogn.

Annleis besøk
Han understrekar samstundes at besøket denne gong blir annleis.

– Det har med pandemien og smittevernrestriksjonar å gjere. Så det blir ikkje lagt opp til å ha stpre ansamlingar av folk under besøket, seier han.

Det endelege programmet for besøket er enno ikkje fastlagt.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.