Kompetanseutvikling er viktig i krisetider


"Det er viktig å utnytte perioden vi no er inne i til å auke kompetansen til arbeidstakarane", meiner Roger Pilskog og Nils Petter Støyva i LO Vestland.

Landet vårt er inne i ei korona-krise som gjer at arbeidsløysa aukar dag for dag. Det blir gjort mykje godt arbeid for å sikre at hjula kjem i så fort som råd etter at kvardagen kjem tilbake. Likevel er vi redde for at mange blir arbeidsledige og permitterte i lang tid framover. Då er det viktig å utnytte perioden vi no er inne i til å auke kompetansen til arbeidstakarane, det må og gjelde dei som mottar dagpengar frå NAV. I tillegg til å skape ny aktivitet, er dette det viktigaste krisetiltaket vi kan sette i gang med.

For tre veker sidan var arbeidsløysa i Vestland 2,2% og fleire verksemder hadde vanskar med å få tak i nok arbeidskraft. No registrerer vi at arbeidsløysa i Vestland har eksplodert til 10,2 %. Over 34.000 er no registrert som arbeidsledige hos NAV Vestland. Om lag 90 % av desse er permitterte grunna koronakrisa. Innan butikk- og salsarbeid er det 01.04 registrert 5672 ledige i Vestland. I reiseliv og transport er det registrert 5550 ledige, mens tala i serviceyrka er 4218 ledige.

Tala for arbeidsledige og permitterte viser og at korona-krisa rammar personar med lite utdanning i langt sterkare grad enn personar med lang utdanning. Denne gruppa er meir sårbare i eit arbeidsliv med stort krav til omstillingsevne. Det er difor viktig at kompetansetiltak også vert retta mot personar utan lang utdanning.

Det er stort arbeidskraftsbehov ikkje minst helsesektoren. Men det manglar arbeidskraft også i landbruket, delar av varehandelen og transportsektoren.  Med det kraftige fallet vi har fått i oljeprisen, kan det i tillegg bli aukande trong for omstilling i leverandørindustrien til oljebransjen. Norge greier ikkje det grøne skiftet om vi no misser kompetansen som er i denne næringa. Landbruket har tradisjonelt teke inn mange sesongarbeidarar frå utlandet. Landbruket må utvikle ein strategi og tiltak for å bli meir attraktiv for norske arbeidstakarar. Låglønns- konkurranse er ikkje berekraftig over tid, som vi og ser døme på i dag.

For å få til ein kraftfull og tilpassa kompetansesatsing, er det trong for mellombels endringar i NAV sitt regelverk. Dei permitterte må få behalde dagpengane under utdanning og kompetanseheving. Det er også trong for kreative idear for å kunne avlaste eit svært pressa NAV. Trepartssamarbeidet nasjonalt, regionalt og på bransjenivå er eit viktig verktøy i den situasjonen vi er oppe i. LO Vestland og NHO Vestlandet er godt fornøgde med at det er etablert eit treparts koordineringsutval i Vestland, leia av fylkesordføraren. Med eit godt trepartssamarbeid kan vi syte for at så mykje som råd av næringslivet kan haldast i gang gjennom krisa, og at nye tiltak kan settast inn der det er størst behov.

Krisa gir også eit høve til å skunde fram kompetanseutvikling for å få fleire til å ta i bruk digitale verktøy på arbeidsplassen. Det er også viktig å kunne styrke grunnleggande ferdigheiter og få fleire til å oppnå kompetanse på minst vidaregåande nivå. Vi må også kunne styrke fagopplæringa og den yrkesfaglege kompetansen samstundes som ein tydeleggjer retninga mot eit grønt skifte.

LO meiner m. a. at følgjande tiltak bør stå sentralt i arbeidet med kompetansehevinga: - vidareutvikling av bransjeprogram
- opptrapping av fagskoletilbod
- fylkesvise tiltak for bedriftsintern opplæring (BIO)
- styrking av vaksenopplæringa
- utvikling av regionale karrieresenter bør stå sentralt i en slik satsing.

Det er elles viktig at satsinga på kompetansestyrking treff breitt. Unge og personar utan fullført vidaregåande opplæring eller personar med svake grunnleggande ferdigheiter må ha særleg høg prioritet. Å gje arbeidstakarane meir kompetanse er den beste investeringa vi som samfunn kan gjere i denne krisetida vi no er inne i.