Formannskapet i Hyllestad brukte mykje tid førre torsdag på å ta inn igjen tiltak som kommunedirektøren hadde føreslått stroke frå budsjettet i 2024.

Kommune­direktøren tok ut og politikarane tok inn igjen

Førre torsdag vedtok formannskapet i Hyllestad å legge ei rekke tiltak som kommunedirektør Gjermund Flage hadde føreslått kutta frå budsjettet inn igjen.


Kommunedirektør i Hyllestad, Gjermund Flage, er klar på at pengebruken i Hyllestad tærer på eit disposisjonsfond som ein allereie har brukt over 11 millionar kroner frå i 2023. I forkant av formannskapsmøtet i Hyllestad kommune førre torsdag kunne han fortelje Ytre Sogn at bortimot alt av tiltak som ikkje er lovpålagde er tatt ut av budsjettet for 2024.

Dette inkluderte mellom anna populære tiltak som varm lunsj i barnehagen, lunsj i skulen, fritidsklubb og garantert sommarjobb i kommunen.

Meldinga var at med dagens driftsnivå ville fondet vere tomt ved utgangen av økonomiperioden, det vil sei i 2027.

Tok tiltak inn igjen
Men like føreseielege som kommunedirektørar med sparekniv har vi lokalpolitikarar som vil sjå tiltak i lokalsamfunnet. I kommunedirektøren sitt framlegg var det kutta for 4,7 millionar kroner i 2023, medan ein hadde utelate ønska tiltak for til saman 2,6 millionar.

Men etter formannskapsmøtet i Hyllestad var over på torsdag føremiddag hadde dei gjort vedtak på å legge inn tiltak i planen for til saman 1,7 millionar kroner i 2024, og til saman litt over 6,6 millionar kroner i økonomiplanen (2024-2027).

Av dei tiltaka som kommunedirektøren hadde føreslått å ta ut av planen fann politikarane plass til mellom anna sommarjobb for ungdom, fritidsklubb, og både lunsj i skulen og barnehagen. Gjermund Flage fekk med seg til saman 12 nye postar å sette opp i budsjettet tilbake frå formannskapsmøtet.

Mest samrøystes
Og i eit formannskap der Arbeidarpartiet for tida har reint fleirtal og eigentleg kan gjere som dei vil var møtet prega av lokalpolitikarar som ønska å fatte vedtak saman. Av dei 12 tiltaka som vart vedteken var det berre to som ikkje var samrøystes.

Måten avstemminga vart gjort, der tiltak ikkje vart sett opp mot kvarandre, men heller forkasta om dei vart stemd ned, kan det ut i frå sakspapira sjå ut som om representantane frå Senterpartiet og Høgre stemde i mot både ei utgreiing om brannstasjonen og på å sette av pengar til gåver til nyfødde i kommunen.

Gåve til nyfødde var eit tiltak i kommunen som fekk noko merksemd i media då det plutseleg vart vedteke på hausten, der det tidlegare fleirtalet i formannskapet var raske med å auke Arbeidarpartiet sin føreslegne sum på ei lita påskjønning i form av eit par strikkesokkar og ei beskjeden pengegåve opp til ei solid pengegåve på 5000 kroner til kvar nyfødd i kommunen i 2023.

Dei beheldt og paret med strikkesokkar.

Ville ha meir
Både Dag Ove Austgulen Myklebust (Sp) og Geir Helge Nordstrand (H) ønska å behalde nyføddtiltaket på 5000 kroner per hovud og dermed sette av 60 000 kroner i budsjettet, men Arbeidarpartiet skar igjennom med sitt fleirtal og sette av 5000 kroner til tiltaket til saman.

I avstemminga står det derfor at Høgre og Senterpartiet stemde i mot tiltaket, sjølv om dei eigentleg både er for tiltaket og vil bruke over ti gongar meir pengar på det.

Dermed er nyføddtiltaket no vedteke i den forma ordførar Kjell Eide først såg det føre seg då han føreslo tiltaket i slutten av august.

Må spare i åra som kjem
Formannskapet gjekk også inn for å spare 335 000 kroner i året på å kutte den halve kulturkonsulentstillinga som har stått ledig sidan Franziska Rüttimann Storemyr slutta. I dag ligg kulturansvaret i kommunen under kommunalsjef for Oppvekst, kultur og idrett, Hildegunn Hatlem.

Alt i alt vil dette sei at Hyllestad kommune legg opp til å bruke 5,3 millionar kroner meir av disposisjonsfondet i økonomiperioden. Om det ikkje kjem andre sparetiltak i perioden vil fondet som i 2022 utgjorde over 35 millionar kroner og over 18 prosent av driftsresultatet i kommunen vere nesten halvparten i 2027.

Kommunedirektør Gjermund Flage er klar på at den pengebruken ein legg opp til gjer til at ein må finne nye måtar å spare pengar på i åra som kjem.

– Vi kan ikkje halde fram med å bruke så mykje i drift. Her må vi gå fleire rundar seinare år, og vi må stramme inn enda meir i budsjetta dei neste åra. Inntektene har vore relativt ustabile og vanskelege å berekne. Det er mykje knytt til havbruksmidlar, men også inntekter frå skatt og pensjonsutgifter har vore annleis enn forventa, seier Flage til Ytre Sogn.