Reidun Haugsnes og klassen hennar frå årgang 46 skal torsdag og fredag denne veka ha klassetreff i Høyanger.
For dei 19 som skal samle seg og mimre om gamle dagar, blir det middag på det nyopna Eides Hotel, samt ei omvising på Fundo. Men på fredag inviterer gjengen heile Høyanger, når dei skal sjå på film. Og filmen dei skal vise er noko heilt spesielt i Høyanger-samanheng. – Dette er ein film som Hydro eig, og som vi har fått låne av Fylkesarkivet for å vise, seier ein av dei som skal på klassetreffet, Reidun Haugnes, til Ytre Sogn.
Reidun Haugnes og 46-årgangen skal ha klassetreff, og inviterer Høyanger på ei heilt spesiell filmframsyning.
Klassetreffet inviterer heile tettstaden på kino –⁠ skal vise nesten 60 år gamal film frå Høyanger
Når årgang 46 skal ha klassetreff denne veka, inviterer dei heile Høyanger på kino for å sjå ein heilt spesiell film.