Før jul sendte industrikonserna Panasonic, Hydro og Equinor som står bak «Joint Battery Initiative» ut ein invitasjon til kommunane i Norge for å finne areal til batterifabrikken deira som kan lage litiumbatteri til mellom anna elbilar. Investeringa i fabrikken, som kan bety 2000 nye arbeidsplassar, vil vere opp mot 40 milliardar kroner.
- Dette er sjølvsagt noko veldig mange kommunar rundt om i heile landet vil kjempe om, men som på grunn av store krav til areal, straum og vatn ikkje har moglegheit. Dette gjeld også for Høyanger der ein har avgrensa areal. I første omgang er det krav om 400 dekar industriareal, og opp mot 1000 dekar på sikt. Når ein ser føre seg bygningsmassen på Fundo inkludert kjellar så er den på rundt 22 dekar. Det seier litt om storleiken på etableringa, og då skjøner ein også at dette ikkje er mogleg å få til i Høyanger, seier ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn. Underleverandør Han fortel vidare at med ein batterifabrikk på Moskog vil Høyanger kommune i form av ei slik etablering kunne porsjonere seg som underleverandør rundt det å destruere og resirkulere batteri, samt delproduksjon av batteri. -Alle må ferdigstille tilbodet sitt innan fristen 28. januar. Så saman med dei andre fire kommunane vil vi sende inn vårt prospekt til industrikonserna i løpet av dagen, og så får vi berre vente å sjå kva resultatet blir, men fortsette å promotere Moskog for alt det er verd. Etter at kommunane har sendt inn sine forslag, vil tre bli valt ut til ei slags finalerunde. Berre i Vestland skal det vere rundt 12 kandidatar som har meldt seg, og skulle ikkje vi lukkast så vil eg i alle fall heie på Vestlandet som lokasjon, seier Sortland.