Rønnaug Meek i Høyanger Frivilligsentral og initiativtakar Kjell-Arve Kvamme inviterer til felles julefeiring i Høyanger.

Inviterer til triveleg og inkluderande julefeiring

Jula kan vere ei einsam tid, men i år kan alle som vil samle seg til ei felles julefeiring i Høyanger.


Etter å ha sett dokumentaren «Petter – der ingen vil bo» på TV2 i haust kjente Kjell-Arve Kvamme på eit ønske om å gjere noko for dei som står litt på sida av samfunnet, eller som ikkje har så mange rundt seg. 

Resultatet vart eit initiativ til å arrangere ei lågterskel, gratis og felles julefeiring for dei som ønsker bli med på det. 

– Dette er ein tanke som kom for  kort tid sidan, så det har gått fort frå idéstadiet til der vi er i dag. Eg tok kontakt med Rønnaug i Høyanger Frivilligsentral som umiddelbart vart gira på konseptet, og etter det har vi kasta oss rundt for å få dette arrangementet til å bli ein realitet.

Kvamme fortel at dei planlegg ei samling på dagtid på julafta på Høyanger vidaregåande skule – som har stilt sine lokale til disposisjon – og at det blir servering av pinnekjøt, ribbe og kalkun levert frå sentralkjøkkenet i Høyanger.

– Vi veit ikkje kor mange som vil komme då dette er «upløgd mark» her i Høyanger, men det spelar ikkje nokon rolle om det kjem tre eller femti. Vi skal lage ei fin julefeiring for dei som blir med uansett. 

Og Meek og Kvamme tek alt no sikte på å arrangere ei tilsvarande julefeiring også neste år.

– Tilstelningar som dette treng gjerne eit par år på å «sette seg» og gjere dei som kanskje kunne tenke seg å vere med  trygge nok til å faktisk delta. Planen vår er å registrere ei stifting som kan stå bak arrangement som dette, noko som og vil gjere det lettare å få tak i midlar, seier Kvamme.

Han  fortel at dei berre har møtt velvilje der dei har spurt om hjelp, og at dei er sikre på at dei får samla inn midlar nok til å gjennomføre den rusfrie og religionsnøytrale feiringa.

– Vi har i denne samanhengen lyst til å sei at vi er klar over at det er ei tilsvarande julefeiring som blir laga til på Høyanger helsesenter, og at vårt initiativ ikkje er meint å vere  i konkurranse med det, men meir eit supplement. 

Treng frivillige
Sidan det skal bestillast inn mat må ein melde seg på julefeiringa til Meek i Høyanger Frivilligsentral innan 5. desember. Både Meek og Kvamme håpar derfor at tilbodet blir godt kjent lokalt no dei neste vekene slik at så mange som mogleg blir klar over det, og dei som kunne ha interesse av ei triveleg julefeiring saman med andre melder seg på.

– Vi har og behov for frivillige som kan vere med under feiringa. Maten vil bli levert ferdig så den treng berre å varmast opp, og elevane på vidaregåande har teke på seg å pynte lokala, så det er ikkje store arbeidsmengder det er snakk om her. Det handlar i stor grad om å vere tilstade og skape ein triveleg atmosfære for dei som er tilstade. Vi har og eit håp om å kunne lage til litt tradisjonelle norske juleaktivitetar som å gå rundt treet og synge eit par julesongar. Vi har stor tru på at dette blir ei koseleg stund for alle som er med.