Innebandymiljøet i Høyanger har vakse seg til, og no inviterer Nordvest bandyregion til 3 mot 3-turnering i Høyangerhallen. (Foto: Il Høyang Innbandygruppe)

Inviterer til 3 mot 3 i Høyangerhallen til helga - men treng litt fleire påmeldte

Nordvest bandyregion har retta blikket mot Høyanger, og i helga inviterer dei til 3-3-turnering i Høyangerhallen.


Innebandy har blitt veldig populært i Høyanger dei siste åra, og er ein av dei stadane i regionen der du finn aller mest aktivitet på denne fronten.

Il Høyang spelar seriespel saman med Førde under namnet Høyang/Førde, og reiser så langt som Ålesund for å spele kampar. Dei speler i Il Høyang sine drakter, vel og merke.

Slo seg saman
Kretsane i gamle Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal slo seg nemleg saman til Nordvest Bandyregion, og har til saman seks lag i regionsligaen. Det var byrja å bli litt laber aktivitet i dei to kretsane, og får å både skape og sikre aktiviteten var dette ei god løysing.

No arrangerer Nordvest bandyregion 3 mot 3-turnering i Høyangerhallen, og leiar for Il Høyanger, Tor Aleksander Dale, håpar dette skal få endå fleire inn i det livlege bandymiljøet i Høyanger.

Avslappa, men ikkje roleg
– 3 mot 3-formatet er mykje eit mykje meir avslappa format enn det formatet vi spelar i seriespel, fortel Dale til Ytre Sogn.

Han presiserer at det ikkje er snakk om avslappa i den forstand at det går roleg for seg, for med tre spelarar på kvart lag og utan keeper er det høgt tempo.

– Det er litt meir «casual» å spele på denne måten, og i denne turneringa kan alle som vil melde seg på, om du er med og spele seriespel med Il Høyang, eller berre har lyst å prøve deg, seier Dale.

Samle mest mogleg
Han seier turneringa er noko som blir arrangert i tillegg til seriespelet, og målet er å samle flest mogleg for å spele og ha det gøy med innebandy.

– Det har vore litt kort varsel på dette, men det hadde vore gøy om det kom lag og spelarar frå utanfor Høyanger og, det er mange aktive i Bergensområdet som kanskje kunne tenke seg ein tur. Denne turneringa er for å ha det gøy, møtast og spele, og for å vise kva vi driv med på denne fronten i Høyanger, seier Dale.

Rekruttering
Han satsar på at det blir godt med påmelde lag både i herre- og dameklassen, og ser ikkje vekk i frå at ei sånn turnering også kan vere ein arena for rekruttering.

– Sjølv om vi spelar seriespel så er vi også interessert i breidde i idrettslaget, og dette kan kanskje vere ein anledning til å drive med rekruttering og kanskje plukke opp nokon her og der.

Gjer noko riktig
At Nordvest bandyregion ser til Høyanger tek Dale som eit teikn på at dei gjer noko riktig i Il Høyang. 

– Ja, det er kjekt at dei ser heilt hit i utkanten av regionen og tenker at vi kan vere ein grobotn for aktivitet. Det tyder på at vi gjer noko rett

Rett før Ytre Sogn går i trykken, kontaktar Dale avisa og fortel at dei kanskje treng litt fleire lag for å gjennomføre turneringa.

– Det er kanskje litt dumt om Ytre Sogn trykk dette, og så må vi avlyse, ler Dale, og legg til at det framleis er tid til å melde seg på.