Advarsel til Erna Solberg

Inntektsgapet til jordbruket må tettast


I Nationen 15. mars er Høgreleiar Erna Solberg sitert på at bøndene sine inntekter må sjåast i lys av at «stort sett alle grupper i Norge fikk reallønnsnedgang i fjor p. g. a. den høge prisstigninga».  Samtidig seier ho at ho er «veldig opptatt av å dekke kostnadene i landbruket» for å sikre matproduksjonen. Dei to sitata kan tolkast som at bøndene kan få kostnadskompensasjon, men liten inntektsvekst. Inntektsgapet til gjennomsnittet av lønnstakarane vart ikkje redusert under regjeringa Solberg og sitata tyder på at Høgre-leiaren  heller ikkje vil redusere det i 2023 og 24. 

Det noverande inntektsnivået i jordbruket fører til at 2 driftseiningar vert lagt ned kvar dag. I mange bygder i Nord-Noreg, på Vestlandet og i Agder og Telemark er det no så få bønder att at om utviklinga held fram så vil fagmiljø rakne,  store aeral gå ut av produksjon og kulturlandskapet gro igjen. I nokre grender er det ingen aktive småbrukarar og bønder att og i mange berre ein eller to. Matvaretryggleik og beredskap vil verte sterkt svekka i ei tid med klimaendringar, Ukrainakrig og energikrise i Europa. Dette er ei utvikling Erna bør ta innover seg og med dette avisinnlegget er ho advart. For å bremse og snu den omtalte utviklinga er det naudsynt med ei opptrapping av inntektene til bønder og småbrukarar. Inntektsgapet må tettast i denne stortingsperioden. Her må regjeringa Støre få opp farten. Tidlegare hærsjef Mood har uttalt at spreidd matproduksjon er svært viktig for forsvaret av Noreg. 

Eit av motiva for Erna sitt utspel kan vere å skape splid mellom lønnstakargrupper og småbrukarar og bønder. Det ho ikkje nemner er milliardoverskota til matvarebaronane, formueveksten til eigarane i næringslivet generelt og den høge inntektsveksten til toppleiarane i næringslivet. Desse gruppene fekk for det meste realønnsvekst i 2022 og har råd til å betale meir skatt for å m.a. sikre matvaretryggleik og beredskap og velferdsstaten  elles. Tilslutt vil eg minne veljarane om at regjeringa Solberg tok frå uføretrygda og arbeidslause og gav til dei rike gjennom redusert formue- og selskapsskatt.

Jarle Martin Håland
Medlem i Raudt