Ingrid og Helge har starta opp eige bubilutleigefirma



- Vi tenkte at om det var eit passande tidspunkt for å starte opp med dette, så var det no, seier Ingrid Wolff og Helge Nedberge i Høyanger.

For kort tid sidan registrerte paret det nye firmaet sitt, Sogn Bubil, for å drive med utleige av bubil.


- Vi leigde sjølv bubil i fjor sommar, for å reise til Lofoten. Og etterpå var vi ikkje i tvil; vi ville ha vår eigen, og same hausten kjøpte vi ein bubil. Vi snakka allereie då om å leige den ut, men fann seinare ut at vi hadde lyst til å ha den for oss sjølve, slik at vi hadde moglegheit til å reise på spontane turar med den, slik ein gjer når ein har bubil. Om vi skulle byrje med utleige, måtte vi i så fall kjøpe ein til, seier Ingrid Wolff til Ytre Sogn.


Helge Nedberge nikkar.


- Vi hadde også lyst til å drive med noko i lag, ved sidan av dei vanlege jobbane våre, seier han.


Han er til dagleg verksmeister hos Per A. Øren, og er i tillegg medeigar i Høyanger Bil, medan ho er rekneskapsførar hos Løbø Rekneskap. 


Og så råka koronaen, og med den kom styresmaktene sine råd om å feriere i eige land.


- Vi tenkte vi at var det eit tidspunkt for å byrje med utleige av bubil, så var det no. Både sal og utleige av bubilar har jo teke veldig av etter råda om å tilbringe sommarferien i Norge. Så det sette nok fortgang i planane våre, seier Wolff.


Sidan tok det berre ei veke før det nye firmaet, Sogn Bubil, var registrert, og i pinsehelga kom det som er første utleigebubilen deira - ein 2020-modell Roller Team med plass til opptil fire personar - til Høyanger.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Sjølv om bybubilen er noko mindre enn tradisjonelle bubilar, er plassutnyttinga god.