- Utan nokon til å drive Fagernes ferieheim er det ikkje anna å gjere, seier Astrid Refsdahl,Anne-Britt Nygård og Lars Kjetil Skeie om at ferieheimen som Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforeing (HKIF) eig på Norevikane ikkje er open for gjester denne sommaren.
I staden er den utleigd til arbeidarar ved Havyard-verftet i Leirvik. - Det betyr at vi har leigeinntekter i alle fall ut august, seier Astrid Refsdahl, Anne-Britt Nygård og Lars Kjetil Skeie til Ytre Sogn. Siste åra har det vore Hotel Sognefjord i Leirvik, ved ulike eigarar, som har drifta Fagernes ferieheim - tidlegare Norevikane/Fagernes Hytte- og konferansesenter. - Dei sa imidlertid opp avtalen ved årsskiftet fordi det var vanskeleg å få det til å gå rundt økonomisk, utan tilstrekkeleg aktivitet i skuldersesongen. Sommaren åleine er ikkje nok, seier dei tre. Samstundes er behovet for oppgradering av ferieheimen stort. - Det er noko vi ikkje har midlar til, seier Skeie og viser til at dei nyleg fekk utarbeidd ein tilstandsrapport på ferieheimen, som består av hovudhus og 11 hytter. Den viser blant anna at to av hyttene ikkje ein gong vil løne seg å oppgradere. – Det vi har av inntekter hentar vi på medlemskontingent. Og med synkande medlemstal er det avgrensa kva vi har å bidra med av midlar, seier Refsdahl. Dei må no sjå på kva dei skal gjere vidare med feirestaden.